JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Fruktdrikk til born

Å halvere fruktinnhaldet i fruktdrikk er ikkje noko helsemål. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Breispektra: Barbie kan brukast til det meste – også til å selje fruktdrikk til born.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

4248
20240621
4248
20240621

Den beste måten å få born til å ete gulrøter på, er å seie at dei kjem frå McDonalds, heiter det. Eg skal på ingen måte rå deg til å bruke trikset, men det er noko i det: Å smålure born til å ete mat dei ser på som keisam og lite god, gjennom å forkle han som noko dei ser på som morosamt og underhaldande, vert gjort av alt frå foreldre som bruker peparkakeformer på fiskepuddingen, til matvareindustri som sel matvarer pakka inn som kjende leike- og fjernsynsfigurar.

Eit firma som nyttar dette trikset, er fruktdrikkprodusenten Smiley Kids. Det vil seie: Drikkane deira vert produserte i Ungarn, og eg finn dei same fruktdrikkane i nettbutikkar både i Storbritannia og USA, så truleg er dei meir vidareseljar enn produsent.

Drikkane deira er lette å kjenne att, for dei er selde i pakningar som både i namn og utsjånad sel fire kjende karakterar skapte for born: Peppa Gris har fått ein drikk med appelsinsmak, Barbie smakar Summer Fruits, My Little Pony har smak av eple, medan Brannmann Sam er tildelt ein tropisk fruktsmak.

Forfriskande ærleg?

Smiley Kids legg ikkje lista altfor høgt for seg sjølv: «Vi ønsker å tilby produkter som er bedre enn mange av alternativene», skriv dei på si eiga nettside, eit mål om lag på nivå med fruktinnhaldet i drikkane dei sel: Alle drikkevariantar inneheld berre kring 50 prosent fruktjuice. Resten av innhaldet er vatn, det dei kallar naturleg smakstilsetjing, og søtstoffet steviolglykosid.

«Eg finn ikkje noko produkt i juicesortimentet til Spar som eg synest er dårlegare enn fruktdrikkane frå Smiley Kids.»

Steviolglykosid er eit ekstremt søtt ikkje-kalorisk søtstoff – minst 300 gongar søtare enn sukker. Det vil seie at ein treng veldig lite steviolglykosid for å søte smaken veldig mykje, og at det uansett vil skje utan verken kaloriar eller påfylgjande blodsukkerauke hjå personen som får i seg søtstoffet.

Ja, steviolglykosid er endåtil naturleg, utvunne som det er frå planta stevia.

Men vil det seie at det er sunt? Folkehelseinstituttet frårår å gje søtstoff i det heile til born under tre år. Årsaka er at søtstoff – også dei naturlege – har negative fylgjer i store nok mengder, og små barnekroppar har lettare for å ende med store konsentrasjonar enn større, vaksne kroppar.

På nettsidene sine slår Smiley Kids fast at innhaldet av søtstoff i drikken deira ikkje vil nærme seg dei tilrådde tolegrensene sjølv for små born. Det er lite som tyder på at innhaldet av steviolglykosid i fruktdrikkane er skadeleg. Men er det grunn nok til å drikke dei? Treng vi steviolglykosid?

Likevel ikkje i mål?

På heimesidene sine brukar Smiley Kids redusert sukkerinnhald som argument for utvatninga av produkta: Ved å erstatte halvparten av fruktjuicen med vatn og sukkerfri søtning halverer dei sukkermengda som den som drikk, altså barnet, får i seg, skriv dei.

Og det er jo sant.

Men det er ein temmeleg pessimistisk og trist inngang til ernæring, særleg all den tid dei samtidig argumenterer for å drikke juice frå frukt og bær på grunn av innhaldet av vitamin.

Så. Leverer Smiley Kids på det nøysame målet om å vere betre enn mange andre? Diverre ikkje. Vi må samanlikne fruktdrikkane med andre fruktdrikkar, ikkje andre drikkar som brus eller sjokolademjølk, og eg finn ikkje noko produkt i juicesortimentet til Spar som eg synest er dårlegare enn fruktdrikkane frå Smiley Kids.

Med ein literpris på 74,50 kr er fruktdrikkane også blant dei dyraste i heile hylleutvalet. Dersom vi reknar om literprisen til prisen på rein fruktjuice, vert han endå dyrare – dobbelt så dyr, rett og slett. Det vil seie at du har ganske mykje anna å velje i, utan tilsetjing av verken søtstoff, aromastoff eller vatn. Dersom du finn det naudsynt å vatne ut fruktinnhaldet, kan du fint gjere det med vatn frå springen heime.

Og dersom ungen alt har fått smaken på kjende fjernsynstryne, er noko av det fyrste eg får opp når eg søkjer på Peppa Gris, Barbie eller My Little Pony, ei lang rekkje med merchandiseprodukt – mellom anna drikkeflasker for alle aldersgrupper. Desse kan fyllast om att og om att med stadig nye smakar.

Kanskje kan til og med vatn verte spanande drikke, berre flaska er glitrande nok?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Medlemmer av Rinnanbanden under rettssaka i Trondheim tinghus 30. april 1946.

Foto: NTB

Ordskifte

«Hvordan kan vi forhindre framveksten av nye høyre-ekstremister hvis vi ikke klarer å se nyansert på nazistene i vår egen historie?»

NikolajFrobenius

Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz og økonomi- og klimaminister Robert Habeck deltek på statsrådsmøtet i kanselliet i Berlin denne veka.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

Samfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Det store spelet

Sosialdemokratane vann delstatsvalet i Brandenburg. Men det gir ingen grunn til jubel for kanslar Olaf Scholz.

Verdas matproduksjon i eitt bilete: Det er jo umogleg. Men desse indiske blomkålprodusentane bidreg med sitt.

Foto: Altaf Qadri / AP / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Korleis går det eigentleg med matproduksjonen der ute?

Frå venstre: Jon Elster, Francis Sejersted, Jens Arup Seip, Johs. Andenæs og Rune Slagstad.

Rune Slagstad

Ein skapjurist forsvarar jussen

Det er ikkje for mykje jus i politikken, det er for lite politikk i politikken.

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis