JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.

Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.

Foto via Wikimedia Commons

4139
20240419
4139
20240419

Kva er Noregs verste jobb? Ja, det finst sikkert meir alvorleg utrivelege jobbar, men eg er meir enn halvvegs seriøs når eg plasserer sjåfør på Isbilen – i nokre delar av landet kjend som Hjem-is eller Fråst – høgt opp på mi liste.

Ikkje fordi det treng vere så fælt å køyre ikring og selje is. Folk vert jo stadig vekk glade for å sjå Isbilen. Nei, frykta mi for isbilsjåførjobben er utelukkande basert på det å måtte høyre temaet frå Edvard Griegs «Norsk Dans Nr. 2» spelt i blikkboksversjon om att og om att – og om att.

Eg bur i ei bygd med temmeleg spreidd busetnad, men sjølv her høyrer eg dururu-rutt-du-dei du-rutt-du-du durudidudidudidudiduuudeii i alle fall fire gonger når Isbilen kjem på søndagsturen sin. Så høg er altså lyden. Og dei repetisjonane kjem i løpet av eit drygt kvarter. Så ofte vert altså sjåføren utsett for støyen. Kvar einaste dag.

Vel, vel. Lat oss håpe at løna er god – og at iskremen som vert seld, er av tilsvarande høg kvalitet.

Vass-is

Iskremen på Isbilen er produsert av Isbjørn-is, ein iskremfabrikk på Askøy. Ja, det er endåtil eigaren av Isbjørn-is, det internasjonale iskremkonsernet Food Union, som eig Isbilen. Her får vi med andre ord både smått og stort, og det burde jo vere bra – men innhaldslistene tyder diverre ikkje på at det er ein iskrem av særleg høg kvalitet.

Brorparten av dei mjølkebaserte isane i nettbutikken til Isbilen har nemleg eitt felles: Dei har verken mjølk eller fløyte øvst på innhaldslista.

Så kva brukar dei i staden aller mest av når dei produserer iskrem på Askøy? Jau, noko vi har nok av på desse kantar av landet: vatn, sjølvsagt.

Vatn er fint, det, mange stadar. Men ikkje som hovudingrediens i ein iskrem som enten kallar seg eller på andre måtar gjev inntrykk av å vere ein fløyteis. Ja, fram til for nokre få år sidan ville det truleg ikkje eingong vore lov.

Isbjørn-is fortel oss ikkje kor mykje vatn dei puttar i iskremen dei lagar. Dei er derimot ivrige etter å fortelje kor mykje fløyte dei brukar – ein stad mellom 15 og 21 prosent. Med andre ord er innhaldet av vatn høgare enn det.

Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis? Isbjørn-is er ikkje aleine om knepet: Rema 1000s Prima Fløteis brukar same triks, men dei er i det minste ærlege nok til å innrømme at dei som base for iskremen nyttar heile 59,6 prosent vatn.

Når du betaler 37,90 kroner for tre liter Prima Fløteis, går med andre ord nærare to tredjedelar av betalinga di til berre vatn. Det er då verken Prima eller Fløte, er det vel?

Utan forskrifter

Nei, det er ikkje det, og så lenge «Forskrifter for produksjon, merking og omsetning av spiseis» sette standarden i Noreg, ville det kanskje heller ikkje vore lov. Dei definerte nemleg ein fløyteis som noko som inneheldt minst 10 vektprosent mjølkefeitt og 35 vektprosent tørrstoff.

Men frå 2016 hadde vi ikkje lenger noka «spiseis»-forskrift. Då tilpassa vi oss nemleg det europeiske iskremregelverket, som vert forvalta gjennom bransjeorganisasjonen Euroglaces og deira Code for Edible Ices. Mattilsynet har vore så greie å omsette tekstane for oss i «Veiledning om bruk av betegnelser på ulike typer spiseis, etter at spiseisforskriften er opphevet». Her slår dei fast at det for det fyrste no altså dreier seg om ei rettleiing, og for det andre at grenseverdiane er om lag halverte: Ein fløyteis treng ikkje lenger innehalde meir enn 5 prosent mjølkefeitt.

Sidan dette berre er ei rettleiing, gjer både Isbjørn-is og Rema 1000 og Isbilen og alle akkurat som dei vil. Isbjørn-is har òg mjølkebaserte iskremar som ikkje har vatn øvst på innhaldslista. Dei er nemleg laga på hovudsakleg mjølk, dernest sukker, og så kjem vatnet først på tredjeplass. Men sjølv om produsenten kallar produktet fløyteis, er ikkje fløyte å finne på lista før etter både glukosesirup, smør og mysepulver.

Isbjørn-is kallar dette Ekselence. Eg kallar det tull. Det kan vere kort veg til Isbilen – like kort som vegen til å verte lurt.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis