Frå matfatet

Korleis går det eigentleg med matproduksjonen der ute?

Verdas matproduksjon i eitt bilete: Det er jo umogleg. Men desse indiske blomkålprodusentane bidreg med sitt.
Verdas matproduksjon i eitt bilete: Det er jo umogleg. Men desse indiske blomkålprodusentane bidreg med sitt.
Publisert Sist oppdatert

Matproduksjon er mykje meir enn berre tal. For forståinga av kva det vil seie å sørge for at alle menneske vert mette kvar einaste dag, er det viktig å skjønne at tal sjeldan fortel heile sanninga. Matproduksjon er natur og kultur og kjensler og arbeidskraft og politikk og familie og vêr og massevis av ulike greier.

Likevel: Nett denne veka er det tala som står i sentrum. Årsaka er at eg nyleg kom over ei samling med så talande og god statistikk at eg ikkje kan late vere å dele han vidare.

Statistikken er produsert av FNs organisasjon for ernæring og landbruk, FAO. Det er altså ingen veslebror vi snakkar om her. Truleg burde eg ha kjent til deira Statistical Yearbook tidlegare, men det gjorde eg ikkje – og sjølv om eg no finn publikasjonen til sals i norske nettbokhandlar, finn eg han heller ikkje omtala i andre medium.

Det skal vi altså gjere noko med no. Den siste utgåva, The Statistical Yearbook 2023, syner utviklinga innan temaa økonomi, produksjon, sal og varepris, mattryggleik og ernæring, berekraft og miljø.

Tolv nullar

For å ta det fyrste fyrst: I 2021 skapte den globale matproduksjonen verdiar for 3,7 trillionar dollar. Og verdien har vakse. Auken er på 84 prosent sidan år 2000, men ikkje meir enn resten av økonomien: Jordbruket sin del av det globale bruttonasjonalproduktet (GDP) har lege stabilt på 4 prosent i den same perioden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement