JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

«Mjølkeprisen vi betaler i butikken, er ikkje regulert av noko anna enn betalingsviljen vår.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mykje å velje i. Og alt har sin pris. Men kva for ein er den riktige?

Mykje å velje i. Og alt har sin pris. Men kva for ein er den riktige?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Mykje å velje i. Og alt har sin pris. Men kva for ein er den riktige?

Mykje å velje i. Og alt har sin pris. Men kva for ein er den riktige?

Foto: Terje Pedersen / NTB

4404
20240405
4404
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Mjølkeprisar

Det er ikkje berre spilt mjølk som er til å gråte over. 

Kva er den billegaste mjølka i Noreg? Vi har tre produsentar av fersk, søt konsummjølk – heilmjølk, lettmjølk og skummamjølk – her i landet: Tine, som har mottaksplikt og eigentleg alt ansvaret, Q-Meieriene, som både køyrer eigne mjølkebilar og kjøper mjølk frå Norsk melkeråvare (det nye namnet på Tine råvare), og veslesyster Rørosmeieriene – som òg kjøper all mjølka si frå Tine, men som berre kjøper økologisk mjølk.

Medan mjølkeprisen til bonden er regulert gjennom målprisar fastsette i jordbruksavtalen, er mjølkeprisen vi betaler i butikken, ikkje regulert av noko anna enn betalingsviljen vår. Så lat oss ta ein kikk på kva mjølk faktisk kostar. For å gjere det enkelt å samanlikne brukar vi den rosa lettmjølka med kring 1 prosent feitt som døme.

Hjå Spar kostar lettmjølka frå Tine i skrivande stund 23,40 kroner. Hjå «billegkjedene» Oda og Coop Extra litt mindre: 20,80 kroner hjå båe. Skilnadane på Q-mjølka er litt større: 22,90 kroner på Spar, 17,80 kroner hjå Oda og Coop Extra.

«Coop er heilt open på at dei sel Änglamark-mjølk billeg.»

Billegast Q

At Q er billegare enn Tine, er litt logisk: Sidan Q-Meieriene kan velje sjølve kva mjølkebønder dei vil hente mjølk frå, medan Tine må køyre til kvar ein krok som har mjølkekvote, tilseier det at Q bør ha lågare kostnadar og difor lågare utsalspris.

Men er det så enkelt som at det er dette som bestemmer mjølkeprisen? Det vert ikkje biletet vi sit att med om vi ser på prisane på økologisk lettmjølk.

Sidan Rørosmeieriet er heiløkologisk, er dette nødvendigvis den einaste varianten dei tilbyr på marknaden. Likevel finst mjølka i to ulike kartongar: Rørosmeieriets eigen – som hjå Spar kostar 25,50 kroner og hjå Oda og Coop 22,70 kroner. Men Coop tilbyr i tillegg mjølk frå Rørosmeieriet på ein eigen EMV-kartong, Änglamark – og den kostar ikkje meir enn 21,30 kroner, altså berre ein femtiøring meir enn den konvensjonelle lettmjølka kosta hjå Coop.

Også Tine produserer økologisk lettmjølk, men den får du ikkje kjøpt på Coop. På Oda, derimot, kostar ho 31,90 kroner – heile 11 kroner meir enn den konvensjonelle varianten.

Systemrot

Her ser vi med andre ord to motsette inngangar til korleis ein skal prise varer tilpassa forbrukarar som ser seg sjølve som litt ekstra medvitne når dei handlar. Ingen av dei er tilfeldige. Tvert om: Coop er heilt open på at dei sel Änglamark-mjølk billeg. Årsaka er, ifylgje dei sjølve, at dei ynskjer å støtte opp om og auke omfanget av økologisk produksjon. Ja, dei ynskjer å gjere Änglamark til Noregs billegaste mjølk.

For kvifor er økologisk mjølk dyrare enn konvensjonell mjølk? Fordi bonden får betre betalt for ho. Det får bonden fordi det som regel er dyrare å produsere økologisk mjølk: Fôrproduksjonen er meir arbeidskrevjande, kraftfôret er dyrare, og kyrne skal ha betre plass enn konvensjonelle kyr.

Fram til nyttår fekk bonden 85 øre ekstra per økologiske mjølkeliter. Frå nyttår vart det i tillegg innført eit nytt statleg tilskot der økobonden får 40 øre per liter økologisk mjølk som vert levert. Dette vart innført for å minske meirkostnadar næringa har ved å halde oppe økologisk produksjon. Norsk melkeråvare svara med å sette ned prisen på økologisk mjølk med 15 øre – noko som gjev 25 øre nettovinst til bonden – fordi det for tida er fare for at det vert for lite økologisk mjølk i marknaden.

Det skjer samstundes som, igjen ifylgje Norsk melkeråvare, berre 66 prosent av den økologiske mjølka som vert produsert i Noreg, vert foredla som økologisk. Årsaka er at den resterande økomjølka vert produsert i område som gjer logistikkostnadane for høge.

Ein skulle jo kunne tenke seg at høg etterspurnad ville gjere den elles ulønsame økomjølka meir lønsam. Men i eit system der alle prisar utanom den til sluttforbrukar er politisk regulert, fungerer det truleg ikkje slik. Der kan i staden kjedene spekulere som dei vil:

Forbrukarar som vel økologiske varer, er meir viljuge til å betale høgare pris. Det er logikken bak økoprissettinga til Oda. Men dei brukar òg meir pengar i butikken samla sett – som er logikken bak Coops låge økomjølkpris: Berre dei får økokundane inn i butikken, tener dei inn att dei tapte mjølkekronene.

For eit rot. Når skal politikken våge å byrje å rydde?

Siri Helle

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk. I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis