JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Sjølv yoghurt naturell kan få unaturlege problem i møte med dagens prissettingssystem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bra med bringebær: Yoghurt naturell er eit meieriprodukt som toler det meste av tilbehøyr. Men toler det dagens prissettingssystem i daglegvare?

Foto: Pxhere.com

4329
20241011
4329
20241011

«Å nei, ikkje endå eit døme på dette», var tanken eg tenkte då eg såg dei to yoghurtane i butikken: «Ikkje endå ei form for kliss like varer som har ulik innpakning og ulik kilopris, ikkje frå denne produsenten, ver så snill.»

Yoghurtane eg såg på, var nemleg frå Rørosmeieriet. Det vil seie, den eine varelinja var merkt med Rørosmeieriet, medan den andre varelinja var merkt med Änglamark – men eg visste jo at Änglamark er produsert av Rørosmeieriet for Coop-kjeda.

Og greia er at eg likar Rørosmeieriet. Ja, eg veit det, eg som skribent skal vere mest mogleg objektiv. Sjølv om eg skriv meiningane mine kvar veke kan eg ikkje gå rundt og utvikle kjensler for merkevarer, kan eg vel?

Vonbrotet som vende

No har eg likevel det. Eg kjøper mjølka til Rørosmeieriet fordi ho smakar godt, men òg fordi eg verdset jobben Rørosmeieriet gjer med å ta vare på den vesle økologiske produksjonen som finst i Noreg. Måten dei kombinerer han med lokale foredlingsteknikkar på – som skjørosten, at dei lagar smør som smakar ekte syrna fløyte, og ikkje minst den lokale tettekulturen laga på bakteriekultur frå tettegraset – gjer dei, for meg, til ei av få verksemder som bidreg til reelt mangfald og ein drope regional identitet i butikkhyllene våre.

Difor tillèt eg meg ein augneblink av vonbrot i det oppdagar at også Rørosmeieriet har falle i den største forbrukarfella: at det same produktet får ulik pris ut ifrå korleis prissettaren trur kunden verdset merkelappen ho har fått limt på pakningen. I begge tilfella dreier det seg nemleg om naturell yoghurt, av økologisk mjølk, og kor stor skilnad kan det vere på to slike produkt, liksom, utover at pakningen merkt Rørosmeieriet har fått verdien 57,23 kroner per kilo, medan pakningen merkt Änglamark tydelegvis er verdt 37,45 kroner per kilo?

Vel. På den andre sida gjev denne situasjonen meg eit høve til å syne at eg ikkje lèt private kjensler stå i vegen for å skrive kritisk om noko. Eg plukkar difor opp dei to pakningane, slik at eg kan tileigne meg all naudsynt kunnskap før eg set meg ned for å skrive denne litt triste, men like fullt relevante historia.

Og med det får eg mi andre overrasking på denne handleturen: for jammen er det visst skilnad på naturell yoghurt likevel.

Kven skal ut?

Yoghurten som er merkt Änglamark, inneheld nemleg mjølk, skummamjølkpulver og mjølkesyrekultur. Ei heilt standard innhaldsliste for ein heilt standard yoghurt naturell. Men ikkje heilt lik innhaldslista Rørosmeieriet nyttar når dei sjølve får bestemme korleis dei skal lage yoghurten: Den andre pakningen inneheld nemleg yoghurt laga på heilmjølk i tillegg til skummamjølkpulveret, og syrninga er gjord både med yoghurtkultur og den tidlegare nemnde tettekulturen som Rørosmeieriet elles er kjend for.

Er skilnaden stor nok til å rettferdiggjere ein prisskilnad på kring ein tredjedel? Kanskje ikkje. Truleg ikkje. Men kven har skulda for det? Er det Rørosmeieriet som prisar sin eigen yoghurt så mykje høgare enn den dei lagar etter oppskrift frå Coop, eller er det Coop som styrer prissettinga aleine? Det får vi ikkje vite. Kva seier det om kor reell forbrukarmakt eigentleg er?

Om eg hadde kunna velje, hadde eg kjøpt Røros-yoghurten min ein annan stad. Gjerne hjå ein seljar som ikkje er redd for å fortelje korleis han set prisane sine. Men eg kan ikkje velje. Det er ei av to store avgrensing i forbrukarmakta mi: Eg kan ikkje velje noko eg ikkje får kjøpt, og eg kan ikkje handle i ein butikk som ikkje finst (i nokolunde nærleik til meg). Om eg vil ha yoghurten med tettekultur og Rørosmeieriet i merkevarenamnet, er eg nøydd til å betale prisen Coop Extra har valt å selje han for.

Så då gjer eg det. Sjølv om eg kanskje vert bitte litt lurt og puttar bitte litt ekstra pengar i Coops alt djupe konsernlomme – sjefen i Coop Midt-Norge, regionen der mellom anna Røros ligg, har per i dag løn og pensjonsgodtgjersle på over 12 millionar kroner årleg – så prioriterer eg å sende signalet «eg likar at Rørosmeieriet finst i butikkhyllene mine med sine eigne produkt». Og det sender eg sterkast slik:

Kjøper eg Änglamark yoghurt produsert av Rørosmeieriet? Nei takk, eg vel kvalitet og ærlegskap i same pakke med yoghurten Rørosmeieriet får bestemme innhaldet i sjølv.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis