Frå matfatet
Fruktdrikk til born
Å halvere fruktinnhaldet i fruktdrikk er ikkje noko helsemål.
Breispektra: Barbie kan brukast til det meste – også til å selje fruktdrikk til born.
Foto: Mark Lennihan / AP / NTB
Den beste måten å få born til å ete gulrøter på, er å seie at dei kjem frå McDonalds, heiter det. Eg skal på ingen måte rå deg til å bruke trikset, men det er noko i det: Å smålure born til å ete mat dei ser på som keisam og lite god, gjennom å forkle han som noko dei ser på som morosamt og underhaldande, vert gjort av alt frå foreldre som bruker peparkakeformer på fiskepuddingen, til matvareindustri som sel matvarer pakka inn som kjende leike- og fjernsynsfigurar.
Eit firma som nyttar dette trikset, er fruktdrikkprodusenten Smiley Kids. Det vil seie: Drikkane deira vert produserte i Ungarn, og eg finn dei same fruktdrikkane i nettbutikkar både i Storbritannia og USA, så truleg er dei meir vidareseljar enn produsent.
Drikkane deira er lette å kjenne att, for dei er selde i pakningar som både i namn og utsjånad sel fire kjende karakterar skapte for born: Peppa Gris har fått ein drikk med appelsinsmak, Barbie smakar Summer Fruits, My Little Pony har smak av eple, medan Brannmann Sam er tildelt ein tropisk fruktsmak.
Forfriskande ærleg?
Smiley Kids legg ikkje lista altfor høgt for seg sjølv: «Vi ønsker å tilby produkter som er bedre enn mange av alternativene», skriv dei på si eiga nettside, eit mål om lag på nivå med fruktinnhaldet i drikkane dei sel: Alle drikkevariantar inneheld berre kring 50 prosent fruktjuice. Resten av innhaldet er vatn, det dei kallar naturleg smakstilsetjing, og søtstoffet steviolglykosid.
Steviolglykosid er eit ekstremt søtt ikkje-kalorisk søtstoff – minst 300 gongar søtare enn sukker. Det vil seie at ein treng veldig lite steviolglykosid for å søte smaken veldig mykje, og at det uansett vil skje utan verken kaloriar eller påfylgjande blodsukkerauke hjå personen som får i seg søtstoffet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.