JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Guten frå Gjøvik

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Morten Joachims Fire begravelser og ett bryllup kjem til Rogaland teater i september.

Foto: Riksteatret

2134
20170623
2134
20170623

Han fekk frukost på senga og ein varm klut så han kunne gni svevnen ut av andletet. Men denne dagen skulle vesle Morten prata med ein framand mann. Spørsmåla kom som ein mitraljøse før guten skjøna at testen hadde byrja.

– Kva kjem etter mars?

– Hæ?

– Kva er det motsette av sumar?

– Æh, april?

– Nei, vinter.

Morten J. Henriksen, som han den gong heitte, fekk berre eitt av tretti rette svar. Han hadde «svekte kognitive evner med få sjansar til betring». Men mormor og Henry, eller «mamma og pappa», som Morten kalla dei, ville ikkje høyra på slikt. Mormor hadde lese i Hjemmet om fiskeoljetablettar og effekten dei hadde på intelligensen. Dessutan kunne Morten byrja løysa IQ-testar med mønsterattkjenning. Tretti år seinare er han framleis suveren i å setja saman geometriske IQ-figurar.

Eg hugsar jo Morten Joachim, som han heiter i dag, frå sjakken, så eg gjekk for å sjå monologen hans på Riksteatrets Store Scene i Oslo. Det var fullt hus, fleire menneske enn på ein VM-kamp med Magnus Carlsen. Stykket er like sterkt som dronningofferet til Carlsen mot Karjakin. Men det er òg morosamt og vakkert.

I dag er dei døde: den narkomane biologiske mora, den biologiske faren som sat i fengsel, den narkomane halvbroren, den alkoholiserte stefaren. Og mormora på Gjøvik som berga han. Til kvar gravferd komponerte han ein ny song som han no spelar på scena.

Eg har grave i gamle sjakkblad og funne at Morten J.H., som meisterspelar med talet 2002, var ratingfavoritt i klubbturneringa i 1992–93, der han vann føre den eitt år eldre Hans Olav Lahlum, som i 1993, med sans for nerdedetaljar, hadde ratinga 1993. I klubbavisa til Gjøvik Sjakklubb kan ein òg lesa om korleis Morten J.H. spela remis mot ein internasjonal meister frå Skottland og korleis Lahlum slo ein finne i bakrus med rating på 2380.

Då Morten vart åleine i verda med ein teaterdraum som ikkje kunne realiserast, byrja han selja amfetamin. Slik kunne han finansiera eit barneteater på Torshov i Oslo. Så, i 2013, kom suksessen med dramatiseringa av Jo Nesbøs Doktor Proktors Prompepulver.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis