Frå matfatet
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Kva er Noregs verste jobb? Ja, det finst sikkert meir alvorleg utrivelege jobbar, men eg er meir enn halvvegs seriøs når eg plasserer sjåfør på Isbilen – i nokre delar av landet kjend som Hjem-is eller Fråst – høgt opp på mi liste.
Ikkje fordi det treng vere så fælt å køyre ikring og selje is. Folk vert jo stadig vekk glade for å sjå Isbilen. Nei, frykta mi for isbilsjåførjobben er utelukkande basert på det å måtte høyre temaet frå Edvard Griegs «Norsk Dans Nr. 2» spelt i blikkboksversjon om att og om att – og om att.
Eg bur i ei bygd med temmeleg spreidd busetnad, men sjølv her høyrer eg dururu-rutt-du-dei du-rutt-du-du durudidudidudidudiduuudeii i alle fall fire gonger når Isbilen kjem på søndagsturen sin. Så høg er altså lyden. Og dei repetisjonane kjem i løpet av eit drygt kvarter. Så ofte vert altså sjåføren utsett for støyen. Kvar einaste dag.
Vel, vel. Lat oss håpe at løna er god – og at iskremen som vert seld, er av tilsvarande høg kvalitet.
Vass-is
Iskremen på Isbilen er produsert av Isbjørn-is, ein iskremfabrikk på Askøy. Ja, det er endåtil eigaren av Isbjørn-is, det internasjonale iskremkonsernet Food Union, som eig Isbilen. Her får vi med andre ord både smått og stort, og det burde jo vere bra – men innhaldslistene tyder diverre ikkje på at det er ein iskrem av særleg høg kvalitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.