Frå matfatet

Klarar vi verkeleg ikkje å kutte salaten vår sjølv?

Lag på lag med luft mellom: Dette er både det som gjer salaten god – og det som gjev han nokre utfordringar.
Lag på lag med luft mellom: Dette er både det som gjer salaten god – og det som gjev han nokre utfordringar.
Publisert Sist oppdatert

Det nye året er i full gang med kvardagane sine, og daglegvarekjedene byrjar dei på mest føreseielege vis: med priskutt på det Kiwi kallar «sunne(re) vaner». Minst 20 prosent priskutt i fem veker skal hjelpe deg til eit lettare sjølv. Blant varene dei har valt ut, er salatposar frå Grønn & Frisk: Fram til februar skal oppkutta salat i alle variantar koste ein tjuekroning, noko som faktisk er om lag halvparten av det tilsvarande posar kostar hjå Oda.

Og kva er vel betre å byrje den andre helga i eit nytt år med enn ein stor, grøn, herleg, sunn, miljøvenleg, vegetarisk – ja, beint fram uslåeleg – salat? Kiwi har vel rett her: Salat må vere det mest ukontroversielle vi kan både dyrke og ete, må det ikkje det?

Ja, må det det? Det er heilt riktig heilt umogleg å seie at salat – definert som planteslekta i korgplantefamilien, ikkje som retten som kan innehalde alt frå biff til majones – er usunt. Ifylgje Matvaretabellen inneheld ein isbergsalat om lag ingenting feitt, men derimot både fiber, folat, A-vitamin, kalium og jern.

Men. Isbergsalaten inneheld berre halvparten så mykje jern som same mengda rå brokkoli. Innhaldet av protein er godt under ein tidel av det vi finn i kokte brune bønner, og det er over 50 gonger så mange gode karbohydrat i 100 gram havregryn som i 100 gram isbergsalat.

Kort levetid

Salat er rett og slett ikkje særleg næringstett. Samstundes er det temmeleg komplisert å produsere: Det som gjer salatblad sprø og lette og friske i salatblandinga di, er nemleg akkurat det som gjer salaten til eit lett bytte for alt frå insekt og sopp til rote og tørke alt medan han framleis står i jorda (eller det sterile vekstmediet i drivhuset). Så fort salaten er hausta, byrjar kampen for å få han fram til oss forbrukarar før han rotnar, visnar eller vert øydelagd på andre måtar. Alt dette gjer salat til ei meir energikrevjande vare enn vi gjerne tenkjer over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement