Frå matfatet
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kva er eigentleg ekte kokt skinke? Spørsmålet dukka opp i meg her ein dag då eg stod og såg på ein pakke Gilde Ekte skinke i småbitar – såkalla «Smårettskinke» til å drysse på pizza, i salat eller liknande. Pakningen inneheld 85 prosent såkalla «Renskåret svinekjøtt av skinke». Hm, tenkte eg fyrst, burde ikkje ei ekte skinke vere 100 prosent kjøt?
Men så slo det meg: Ho må jo saltast. Elles ville vi ikkje synast ho smakte godt. Og ei slik skinke skal trekke i vatn – og då kan det gjerne vere ho trekker til seg litt av kokevatnet? Kanskje er det endåtil ynskjeleg? Om vi smakset vatnet med krydder eller urter, eller rett og slett brukar kraft i staden, får vi bonussmakar til å trekke inn i skinkekjøtet.
Spørsmålet står likevel, i det minste med ei lita presisering: Kva bør ekte kokt skinke vere, og innehalde, og i kva mengder?
Vatn
Lat oss byrje i kokebøkene – dei fysiske fyrst. Tom Victor Gausdals mastodont Kokkelære har ei oppskrift på kokt skinke – eller skinke sous vide – som jo inneber at skinka, med smakstilsetjingar, trekker i vatnet i ein vakuumpose. Med andre ord vil ho ikkje ta til seg noko vatn.
Hm. Kan det vere at eg tenkte for snille tankar om Gilde då eg var i butikken? Vi må vidare til kva Ingrid Espelid Hovig seier, for ho må jo vite det, men i Den nye smårutete kokeboken finn eg inga direkte oppskrift på kokt skinke. Derimot finn eg instruksjonar i å koke kjøt, med spesifiseringa: «Når du koker 1 kilo benfritt kjøtt, får du ca. 600 g ferdigkokt kjøtt.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.