Frå matfatet
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Visste du at Visit Norway – Noregs offisielle reiseguide – har ei eiga side om bollar? Kanskje er det ikkje så rart. Omtrent same kor du reiser i dette landet, er det mogleg å få seg ein bolle. Berre bensinstasjonar sel, ifylgje artikkelen, fleire titals millionar bollar kvart år. Truleg er det eit varsamt overslag: Bensinstasjonen Bolleland utanfor Stange hevdar iallfall å selje to millionar bollar i året aleine. Ja, turistbransjen seier det kanskje best sjølv: «Det er alltid en bolle i nærheten når du trenger det.»
Sjølvsagt hjelper også daglegvarekjedene til med å dekke bolletrongen vår. Det Norgesgruppen-eigde bakeriselskapet Bakehuset fyller mellom anna alle sine butikkar i Sør-Noreg med det dei kallar dagferske bollar i fire variantar: Hveteboller, Kanelboller, Rosinboller og Litagoboller.
Men er desse bollane så enkle som dei gjev seg ut for å vere? Vi byrjar med eit kjapt stopp ved ordet «dagfersk». Det er brukt både på nettsida til Bakehuset og i nettbutikken til Spar. På kanelbolleposen eg finn på Kiwi, står det derimot at «Produktet har vært fryst».
Kva er riktig? Truleg begge delar: Bollane har vore frosne, enten som deig eller halvsteikte, og er så ferdigsteikte den dagen dei vert sende til butikken. Med andre ord er dei nysteikte, men ikkje nybakte. Enkelt? Tja.
Det vert verre. Om ein augneblink skal vi kikke på innhaldslista til bollevarianten som har fått namnet Litagoboller. Vi må berre sjå bitte litt nærare på dette namnet fyrst.
Møøøro med Litago
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.