Frå matfatet

Kosthaldsråd

Det einaste som er heilt sikkert, er at vitskapen framleis slit med å finne ut kva som er sunt og ikkje.

Fisk og sjokolade: Vi veit kva som er sunnast. Likevel fann Folkehelseinstituttet i 2016 at born et meir sjokolade enn fisk.
Fisk og sjokolade: Vi veit kva som er sunnast. Likevel fann Folkehelseinstituttet i 2016 at born et meir sjokolade enn fisk.
Publisert

Ei av mange oppgåver Helsedirektoratet har, er å gje oss nordmenn råd om kva vi bør ete og drikke, og i kva mengder vi bør gjere det. Det kan ikkje vere lett: Kva bør stå i slike kosthaldsråd? Kor omfattande bør dei vere for å vere sannferdige, men framleis ikkje så kompliserte at dei ikkje vert lesne? Kor konkrete bør råda vere for å femne om alle, men ikkje bomme på sanninga?

I framlegget til nye kosthaldsråd – som nyleg var på høyring og truleg vert vedtekne over sommaren – vert det mellom anna tilrådd å ete opptil eitt egg om dagen. Grunngjevinga for det rådet er at «Høyere inntak av egg (mer enn ett egg om dagen) kan øke totalkolesterol i serum og ratio mellom LDL- og HDL-kolesterol, men det er usikkerhet i dataene».

Og det er det sanneleg: Samstundes som eg les dette, dumpar det eit e-brev ned i innboksen min frå eit bransjenyhendebrev eg abonnerer på – med presentasjon av ein hjartestudie der personar med høg risiko for hjarte- og karsjukdommar åt tolv egg i veka utan å få høgare kolesterol. Dei næringsrike egga synte seg tvert om i mange teikn på betre hjartehelse.

Slik er det over heile linja. Det er rett og slett temmeleg lett å kritisere Helsedirektoratet for å gje både for konkrete og for lite konkrete kosthaldsråd, å ta for mykje og for lite omsyn til forsking – og så bortetter.

Kanskje for mykje

Til dømes seier dei nye kosthaldsråda at ein bør ete soya og tofu heller enn raudt kjøt, og margarin heller enn smør. Grunnlaget er at for høgt inntak av raudt kjøt fører til høgare risiko for tarmkreft, og smør er eit metta feitt assosiert med hjarte- og karsjukdommar. Men dei nemner ikkje at både soya og margarin har ein balanse mellom feittsyrene omega 3 og omega 6 som forsking har indikert kan endre kjensla av å vere mett og gje kroppen meir inflammasjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement