Frå matfatet
«Må vi avskrive fiskegrateng som fullverdig fiskemåltid?»
Tredjepart: Denne tallerkenen høver kanskje til inndelinga av måltidet i protein og grønt, men det skal halde hardt å nå målsettinga for fiskeinnhald.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Er ikkje det at vi et så lite fisk, den tåpelegaste sida av norsk kosthald? Eg meiner, her bur vi, rett ved matfatet – sju av ti nordmenn bur under ei mil frå saltvatn – og så klarer vi ikkje å få i oss meir enn kring 23 kilo fisk og sjømat i året. Det er under to middagar i veka, det.
Om vi skal tru det vi sjølve seier til meiningsmålingane, er det ikkje fordi vi ikkje vil. Sju av ti av oss seier vi gjerne skulle ete meir frå havet. Så kvifor gjer vi det ikkje?
Fordi det er dyrt, får vi høyre. Det stemmer litt: Fiskekvotane har gått ned dei siste åra for fleire viktige fiskeslag, og med det har prisane gått noko opp. Men ikkje like mykje som pris i butikk. Om vi verkeleg vil, har dei aller fleste av oss råd til litt fleire fiskemiddagar enn vi et i dag. Men – og dette er eit stort men: Det hjelper lite om dei fiskemiddagane vi kjøper, ikkje inneheld noko særleg fisk i det heile.
Grateng i tre former
Bergensverksemda Lerøy Seafood Group har sidan 1899 vakse seg til eit verdsleiande sjømatselskap, ifylgje dei sjølve. Ja, dei kallar seg rett og slett «den norske sjømatpioneren». At dei er verdsleiande, inneber sjølvsagt at dei sender massevis av sjømat ut i verda, men dei lagar også produkt for den norske privathushaldsmarknaden.
Mellom anna lagar dei tre ulike fiskegratengar. «Familiens fiskegrateng» kjem i pakning på 1000 gram, medan «Ekte norsk fiskegrateng» og «Godt kjøp fiskegrateng» er noko mindre utgåver. Alle tre er tydeleg merkte med «Selvfølgelig norsk torsk» og «Laget i Lofoten».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.