Frå matfatet
Mellommåltid
Det er ikkje storleiken det kjem an på her heller.
Sjokolade, kjeks eller sunt mellommåltid? Det er ikkje alltid så lett å sjå frå utsida, diverre.
Foto: Pxhere.com
På sitt beste er mat fellesskap og tradisjon, gode minne og samhald. Men mat er òg drivstoff. Energi vi er nøydde til å få i oss for å kunne halde fram gjennom dagen. No er det sjeldan vi her i Noreg er heilt avhengige av å få i oss mat, for elles klarar vi rett og slett ikkje meir, men likevel kan det kjennast slik iblant, kan det ikkje?
Og kva er det vi tyr til då? Ofte det vi har for handa, rett og slett. Om det no måtte vere ei attgløymd skive i matpakken frå i går, ein kjeks, ein næringsbar eller – jubel og fryd – ein sjokolade.
Etter at den verste svolten er døyvd, kan dei ulike produkta gje temmeleg ulikt samvit. Gleda ved sjokoladen kan såleis vere kortvarig, medan kjeksa og næringsbaren kjem stegvis bitte litt høgare opp på samvitsskalaen. Men er det naudsynt? Lat oss gjere ei aldri så lita samanlikning av tre vanlege mellommåltid: ein Kvikk Lunsj, ein Bixit havrekjeks med sjokolade – og produktet som er spesiallaga for nett slike situasjonar: ein Mellombar.
Masse av noko
Ein Mellombar er ein produktserie frå EMV-merkevara Eldorado, med andre ord å få kjøpt i dei fleste av butikkane til Norgesgruppen. Mellombar finst i heile ni ulike variantar – vi skal ikkje gå inn på alle her, men trekke fram ein av dei som framstår som sunnast: Mellombar med havre og nøtter.
Produktet vert marknadsført med 96 kaloriar per bar. Om vi derimot reknar kaloriar per 100 gram, slik vi vanlegvis gjer, endar vi på 414 kaloriar. Dette er noko lågare enn havrekjeksa og sjokoladen, men ikkje avskrekkande mykje lågare: Bixit inneheld 480 kaloriar, medan Kvikk Lunsj ligg oppe på 545. Det syner oss at vi her har å gjere med temmeleg næringstette produkt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.