Diktet
Nanna Schwengaard var verdsett av store namn i samtida.
Vi held fram med Kragerø-diktaren Nanna Schwengaard. Eit dykk i arkiv viser at ho var verdsett av store namn i samtida. I eit brev til Aschehoug (5. februar 1926) skriv Sigrid Undset at Schwengaard alt er tilrådd for utgjeving av kritikaren Anders Krogsvig. Undset deler sjølv sin dom med forleggjaren: «digtene har en fin og rørende vemod; enkelte av dem eier en virkelig stor skjønhet i sit litt gammeldagse uttryk (…)» Brevet galdt Fontæne, som kom ut same år.
Eit anna brev viser at Undset har kjent Schwengaard i mange år. Det kjem fram av eit brev til Nini Roll Anker (17.6.1917), som samtidig kastar ljos over dei dikta av henne Dag og Tid alt har publisert: «Nanna Schwengaard var heroppe forleden. Det var en hjerteskjærende trist liten fremtoning, tret og slitt og nedkuet av bekymring. Hun saa saa sørgelig ut og hadde det saa vondt (...).» Undstad skriv at ho har forfatta sitt fyrste tiggarbrev for å hjelpe henne.
Under krigen valde Schwengaard feil side. Ho skreiv dikt som kom på trykk i aviser – som «Germaneren», som stod på prent i Glåmdalen 27. august 1943. Eg takkar Pål Csaszni Halvorsen som fann dette diktet og viste meg. Det var truleg Rolf Jacobsen som godkjende diktet til trykking, han var redaktør for Glåmdalen under krigen.
Det faktumet peikar på kor mykje slump tel i litteraturhistoria. Som Undset skriv, har Schwengaards dikt eit gamaldags uttrykk. Sju år etter Fontæne, i 1933, gav Jacobsen ut den skilsetjande boka Jord og jærn, som er rekna som den fyrste modernistiske samlinga i Noreg. Det er ingen tvil om at Jacobsens dikt er i øvste klasse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.