JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Naumkin

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Igor Naumkin i konsentrert spel.

Igor Naumkin i konsentrert spel.

Foto: Giordano Macellari / Wikimedia Commons

2100
20171208
2100
20171208

Eg la merke til Igor Naumkin alt ved oppløysninga av Sovjetunionen. Han var eit slags paradoks – ein stormeister som ikkje var nokon stor meister på brettet. Men rett nok: Om ein tek alle stormeistrane i verda, må jo somme vera på botn òg i stormeisterhierarkiet. Han hadde jo nokre gode resultat, sjølvsagt, men ikkje så mykje meir enn det eg sjølv kunne klara.

Den fyrste historia om Naumkin går attende til 1986 og ein by ved Volga der han og ein stormeisterkamerat, Vladimir Jepisjin, stansa i ein park på veg heim frå spelelokalet. Naumkin og Jepisjin har alltid vore sjakkspelarar i den største vektklassa. Denne dagen fekk Jepisjin den dårlege ideen at han, stormeisteren, skulle spela mot dei lokale amatørane i parken. Då Jepisjin hadde vunne partiet sitt, tok amatøren fram ein lommekniv og truga til seg den amerikanske jeansen til Jepisjin. Dei to sjakkmeistrane drog til hotellet, Jepisjin i berre trusa.

I mange år tenkte eg ikkje mykje på Naumkin, medan han reiste frå turnering til turnering, særleg i Italia, med von om å vinna litt matpengar i konkurranse med amatørar. I fjor dukka eit intervju opp på YouTube som gjorde inntrykk. Stormeister Naumkin har nemleg ikkje nokon datamaskin. «Eg har aldri hatt noko slikt. Eg veit ikkje korleis ein skrur han på». «Men korleis førebur du deg til partia dine?» spurde journalisten. «Eg førebur meg ikkje,» smilte Naumkin. Medan motstandarane kan studera alle partia hans i databasane, er det lite Naumkin kan gjera.

«Du er stormeister i mellomklassa, kan ein seia», sa intervjuaren vidare. «Nei, eg er stormeister i lægste klasse», smilte Naumkin på ny. «Men kan ein leva som profesjonell sjakkspelar på ditt nivå?» «Nei, det kan ein ikkje», smilte Naumkin. «Men eg gjer ikkje anna».

Eg lika Naumkin, han var som ein Gogol- eller Dostojevskij-figur frå den klassiske russiske litteraturen.

I førre veke skreiv VG og Aftenposten om stormeisteren som skulle ha hamna i ein italiensk jukseskandale. Naumkin skal ha selt eit parti – tapt med vilje – for usle to hundre euro.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis