Frå matfatet
Norvegia
Er det ikkje naturleg å utvikle seg under modning?
Dette er openbert typisk norsk. Men må det smake riktig – eller held det at det smaker godt?
Foto: Solveig Vikene / NTB
I det siste har eg stussa litt over Tine. Eller ikkje over samvirkemeieriet i seg sjølv, men over noko Tine seier når dei sel den nyaste Norvegia-varianten sin, Norvegia Smaksrik.
Det kan høyrast tilforlateleg ut: «Enda mer av smaken alle elsker», seier dei i TV-reklamen. På nettsida si er dei noko meir ordrike: «Norvegia® Smaksrik er en Norvegia® som er lagret lengre, for å få frem mer av den velkjente og unike smaken til Norvegia®.»
Eg burde eigentleg ikkje verte overraska. Norvegia er Noregs mest etne ost, mykje fordi Tine i fleire tiår har jobba iherdig med å etablere han som osten med den riktige smaken: «Smaken har satt en standard for hvordan vi nordmenn syns en gulost skal smake», som dei skriv.
Ein føresetnad for ein smaksstandard er ein smak som er lik, utan omsyn til omgjevnadene. Difor seier Tine at det einaste som skjer når dei modnar Norvegia lenger, er at den modna osten har meir av den same smaken.
Men er det eigentleg mogleg? Det er dette eg vert gåande og tenkje på for tida: Når noko modnar, utviklar det seg gjerne samtidig. Med andre ord endrar det seg. Vanlegvis gjeld dette også for ost. Har Tine belegg for det dei seier? Spørsmåla gjev oss høve til å dukke litt lenger ned i den både spanande og velsmakande ostekjemien.
Styrt, ikkje stogga
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.