Tungtvegande lettvektar
Mange aviser og blad legg vekt på å laga saker om vekt. Me les om undervekt og overvekt, vektauke og vekttap. Påfallande ofte får me sjå bilete av føter på ei badevekt. Det hender òg at me høyrer om vektklasser, som flugevekt, mellomvekt og tungvekt. Dei som ynskjer å vera ei motvekt mot all merksemda om kroppsvekt, lyt skriva om vekt på anna vis, til dømes kan dei greia ut om jamvekta mellom tilbod og etterspurnad.
Når målgranskarar talar om jamvekt og overvekt, dreiar det seg gjerne om tostava ord. Dei tostavingsorda som hadde stutt rotstaving i gamalnorsk, fekk jamt trykk på rot- og endestavinga. Desse orda kallar me jamvektsord. Orda som hadde lang eller overlang rotstaving i gamalnorsk, fekk hovudtrykket på fyrste stavinga. Desse orda kallar me overvektsord. I austlandske og trønderske målføre er endevokalen i overvektsorda svekt til e eller plent bortfallen, medan endevokalen i jamvektsorda anten er den same som i gamalnorsk (ofte a eller u) eller er vorten lik(are) rotvokalen. Underteikna kan finna på å seia å komma, en hana, ei viku og ei boso (jamvektsord), men å skrive, en bakke, ei vise og ei kiste (overvektsord).
Me kan vega orda våre – ja, me kan endåtil vega dei på gullvekt. Kva hender om me legg vega på vekta? Ordet er stutt, men det tyder ikkje at ordet er vege og funne for lett. Lettvektarar kan vega tungt i biletleg meining. Til grunn for vega ligg eit germansk verb med tydinga ‘røra seg, fara, lyfta’. Om me fester be- fremst, får me bevega, eit verb som har kome til oss frå tysk gjennom dansk. Orda veg, vogge, vogn og våg (som lenge har vore nytta om vatn og væsker (i rørsle)) er i ætt med vega. Me skal heller ikkje gløyma vekt, vektig, viktig og lekken -vettes i overvettes (norr. vætt, vett ‘vekt, tyngd’).
«Det veg ikkje alt so mykje som det ruvar», seier ordtaket. Nei, og i rømda vert me alle vektlause. Er det lettare eller vanskelegare å missa jamvekta då, tru? Her på jorda kan det vera tenleg å vita noko om eigenvekta til bilen og ikkje pakka med seg for mykje daudvekt eller bruka alle pengane på godteri i laus vekt. Me lyt vega for og imot og vega ulike omsyn mot kvarandre (jf. bm. overveie, eig. ‘vega meir enn’). Kva som vert tunga på vektskåla, er ikkje støtt so lett å seia i førevegen.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen