Frå matfatet

Sjølv yoghurt naturell kan få unaturlege problem i møte med dagens prissettingssystem.

Bra med bringebær: Yoghurt naturell er eit meieriprodukt som toler det meste av tilbehøyr. Men toler det dagens prissettingssystem i daglegvare?
Bra med bringebær: Yoghurt naturell er eit meieriprodukt som toler det meste av tilbehøyr. Men toler det dagens prissettingssystem i daglegvare?
Publisert Sist oppdatert

«Å nei, ikkje endå eit døme på dette», var tanken eg tenkte då eg såg dei to yoghurtane i butikken: «Ikkje endå ei form for kliss like varer som har ulik innpakning og ulik kilopris, ikkje frå denne produsenten, ver så snill.»

Yoghurtane eg såg på, var nemleg frå Rørosmeieriet. Det vil seie, den eine varelinja var merkt med Rørosmeieriet, medan den andre varelinja var merkt med Änglamark – men eg visste jo at Änglamark er produsert av Rørosmeieriet for Coop-kjeda.

Og greia er at eg likar Rørosmeieriet. Ja, eg veit det, eg som skribent skal vere mest mogleg objektiv. Sjølv om eg skriv meiningane mine kvar veke kan eg ikkje gå rundt og utvikle kjensler for merkevarer, kan eg vel?

Vonbrotet som vende

No har eg likevel det. Eg kjøper mjølka til Rørosmeieriet fordi ho smakar godt, men òg fordi eg verdset jobben Rørosmeieriet gjer med å ta vare på den vesle økologiske produksjonen som finst i Noreg. Måten dei kombinerer han med lokale foredlingsteknikkar på – som skjørosten, at dei lagar smør som smakar ekte syrna fløyte, og ikkje minst den lokale tettekulturen laga på bakteriekultur frå tettegraset – gjer dei, for meg, til ei av få verksemder som bidreg til reelt mangfald og ein drope regional identitet i butikkhyllene våre.

Difor tillèt eg meg ein augneblink av vonbrot i det oppdagar at også Rørosmeieriet har falle i den største forbrukarfella: at det same produktet får ulik pris ut ifrå korleis prissettaren trur kunden verdset merkelappen ho har fått limt på pakningen. I begge tilfella dreier det seg nemleg om naturell yoghurt, av økologisk mjølk, og kor stor skilnad kan det vere på to slike produkt, liksom, utover at pakningen merkt Rørosmeieriet har fått verdien 57,23 kroner per kilo, medan pakningen merkt Änglamark tydelegvis er verdt 37,45 kroner per kilo?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement