Frå matfatet

Slaktetid

Så er det offisielt: Kvalitetssjekken på slakteria er ikkje anna enn eit volummål.

Det går mykje kjøt gjennom anlegga til Nortura i desse dagar. Men kva veit dei eigentleg om kvaliteten på det?
Det går mykje kjøt gjennom anlegga til Nortura i desse dagar. Men kva veit dei eigentleg om kvaliteten på det?
Publisert

Medan eg skriv dette, har sauebøndene i bygda mi travle dagar: Gamle gardar vert gått over, nye gjerde sette opp, kikkertar pussa, sambandsradioar lada, gjestesenger reidde opp, betasupper kokte og platekaker baka. I løpet av helga skal nemleg eit par tusen sauer og lam finnast i Holmedalsfjella og hentast heim – til eit kort opphald på garden før det ber rett på slakteriet for mange av dei.

Veka etter sanking går fyrste sending av lam til Norturas slakteri i Førde. Der er dei vel førebudde, vil eg tru: I løpet av eit år slaktar dei kring 110.000 sauer og lam, ifylgje statistikk frå Animalia. Om vi ser for oss at brorparten av det – lat oss seie 90 prosent – skjer i løpet av tre haustmånader, vert det 1100 slakt om dagen. Det svarar til 45 slakt i timen om dei har døgndrift.

Då seier det seg sjølv at slaktelinja må vere effektiv. Avliving, flåing og utvomming må gå som det skal. Men her er det òg ein annan ting som må skje: Slaktet må klassifiserast, slik at bonden får rett pris for vara ho leverer. Dette vert kalla kvalitetskontroll. Men er det eigentleg det det er?

Frå E til P

Slakt vert klassifiserte etter to målestokkar: Den eine er for feitt, og her er målet er å hamne midt på treet – både for mykje og for lite feitt på skrotten gjev trekk i utbetalinga. Den andre er for kjøtfylde – og her er det mest mogleg som gjev best utbetaling.

Kjøtfylden vert bestemt etter ein internasjonal EUROP-skala med pluss og minus. E+ er mest kjøtfylde og gjev best utbetaling, så går det nedover til U, R, O og til P-, som er minst kjøtfylde og gjev dårlegast utbetaling. Skilnaden er stor: Kiloprisen for eit slakt vurdert til P- kan vere under det halve av kiloprisen på eit E+-slakt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement