Frå matfatet
Smør og margarin
Smør er éin ting, margarin noko anna – og eit nytt produkt må våge å velje kor det høyrer heime.
Hadde det berre vore så enkelt: at smør var like sunt som det var godt.
Foto: Pxhere.com
Kor mange variantar av smør og margarin treng vi i Noreg? I nettbutikken til Meny finst det per dags dato 53 variantar – 43 når vi trekker frå dei smakssette utgåvene.
Ein kunne kanskje tenke seg at det var nok å velje i? Vel, tydelegvis ikkje. I det minste kjem det stadig nye variantar på marknaden. Nokre er smør, nokre er margarin, og nokre, som Mills’ nye pakning No. 1, veit ikkje heilt kva dei er.
«Mills No. 1 Normalsaltet med klaret smør, rapsolje og kjernemelk», står det på pakningen, som er av firkanta papir og farga smøraktig gul. Ja, for det er tydeleg at Mills gjerne vil assosiere dette produktet med smør: I si eiga produktomtale skriv dei at No. 1 har «de samme gode egenskapene, smak og bruksområdene som tradisjonelt meierismør».
Lat oss likevel slå det fast med ein gong: No. 1 er ikkje eit smør. Eit smør skal vere produsert av fløyte og ikkje tilsett feitt frå andre kjelder.
Langt forbi smør
Rett nok er klarna smør øvst på innhaldslista til No. 1, med 39 prosent. Å klarne smør er å smelte det for så å fjerne alt mjølketørrstoffet – det som ikkje er feitt og flyt til toppen når ein smeltar smør. Nokon må altså ha laga smør for at Mills skal lage No. 1.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.