Frå matfatet
«Trøflar er verde å sperre opp auga for – på så mange måtar.»
Verdiar i det fri: Her har du feriepengane dine sikra. Leitar du etter omvegar, kan det verte endå dyrare.
Foto: Wikimedia Commons
Kva er ordet du ser etter når du vil avsløre matjuks? Har du eit ord som får deg til å verte nysgjerrig, til å gå og sjekke innhaldslista eller til automatisk å styre unna?
Det er nok å velje i: «Nysteikt», til dømes, inneber som regel at eit bakeprodukt nyleg har vore i steikeomnen, men deigen som er steikt, har vore frosen i lang tid i forkant. Om produktet var bakt samtidig, ville det truleg vore omtalt som «nybakt». Ein «ferskpressa» juice tyder berre at råvarene var ferske då dei vart pressa – dei kan ha vore både frosne og pasteuriserte i etterkant.
«Tilbod» vil seie at vara er billegare enn ho ein gong var, men seier ingenting om kva pris som er nedsett. På same måte kan «bigpack» fort vere dyrare per kilo enn den same vara i ein mindre pakning.
Vi kunne halde fram. Men ordet som får mine auge til å sprette lengst fram i augeholene, det som gjer meg nyfiken og fingrane ekstra lange og klåete, er likevel eit anna: Kvar gong eg ser ordet «trøffel» i ein daglegvarehandel, må eg – ja, eg meiner må – straks sjekke om dette verkeleg kan vere ekte vare.
Så også denne gongen: Det gjekk vel om lag eit halvt sekund frå eg hadde lese «Philadelphia Trøffel» på Coop, til eg stod med pakken i handa og nistira på innhaldslista på baksida.
Sopp, men feil type
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.