Reglar for utanlandske oppkjøp
Vi må, etter normaliseringa av tilhøvet til Kina, forventa auke i kinesiske investeringar i Noreg. I august starta regjeringa drøftingar om ein handelsavtale mellom Noreg og Kina.
Ein slik avtale vil vera viktig for norsk næringsliv. Men ein avtale går begge vegar, og kan ha uheldige sider. Kva forholdsreglar bør vi ta? I forlenginga av ein handelsavtale kjem spørsmålet om kva slags kinesiske oppkjøp og investeringar vi bør tillata.
EU vil no stramma inn regelverket for utanlandske oppkjøp og investeringar. 330 milliardar kroner investerte kinesiske selskap i EU i 2016. Det var ein auke på nesten 80 prosent på eitt år. Samstundes går europeiske investeringar tilbake i Kina.
Noreg er ein stor global investor, og har interesser av eit offensivt regime der investeringar ikkje er underlagde for store restriksjonar. Samstundes er vi eit lite land som vil vera svært sårbart for uheldige oppkjøp.
Dessutan må vi ta inn over oss den storpolitiske situasjonen. For å seia det med EU-kommisjonspresident Jean-Claude Juncker: «Vi er ikkje naive frihandlarar. Europa må alltid forsvare sine strategiske interesser.»
Difor må vi koma opp med klarare reglar for visse typar utanlandske oppkjøp – med eit system for godkjenning av desse oppkjøpa, der ålmenta har tilgang til sakshandsaminga, og med reglar for å kunne anka slike oppkjøp.
Bør vi ha andre reglar for kinesiske oppkjøp enn frå nære samarbeidsland som Tyskland og England? Løysinga er snarare å ha nøytrale prosedyrar for å hindra uheldige konsekvensar av oppkjøp. Men vi må heile tida minna oss om at Kina er eit eittpartistyre med andre langsiktige, strategiske interesser enn Europa og Noreg.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?