Bøker
Å leva er meir enn nok
Simen Holm debuterer med imponerande repertoar og tryggleik.
Simen Holm er frå Ammerud i Oslo og debuterer som forfattar med ei novellesamling.
Foto: Julie Pike
Dei
har sitt å stri med, personane i den sterke debutboka til Simen Holm. Boka er
ei samling noveller, oftast med realistisk føresetnad, men eit par stader med
innslag av slikt som fordrar det Samuel Taylor Coleridge i si tid kalla willing suspension of disbelief.
I den første teksten møter me Thor, som har
gjort ein sabotasjeaksjon. Han er ein
oppegåande kar som veit at han er under observasjon, og som ikkje lèt seg lura
av psykologar og andre som vil finna ut av tankane hans ved kameratsleg
haldning.
Eit levande menneske
I «Motstrøms» er hovudpersonen ei
kvinne som minner denne lesaren om ein av figurane til Robert Stoltenberg, den
pappvindrikkande åleinemora til Herman Flesvig. Men Gudrun Rigvold, som ho
heiter hjå Holm, er ikkje ein karikatur, ho lever i utkanten av det gode livet
ho nok gjerne vil ha, men det har gått litt i stå med livet hennar, ho hatar
eksmannen sin, truleg ikkje utan grunn, ho postar ivrig på Facebook og får billege
oppmuntringar der, og framtida ser ikkje roseraud ut når
arbeidsavklaringspengane tek slutt, men likevel lyt ho unne seg litt ekstra no
og då. Detaljane er truverdige, og sinnelaget til Gudrun er attkjennande, ho er
eit levande menneske som kunne trenga litt flaks.
Den neste teksten ser ut til å gå føre seg
i purgatoriet, eller eit venterom til skirselden, der ein kar, Alek, får skanna
livet sitt og sjå kvar det gjekk skeis. Han kjem til ei fatalistisk erkjenning
av at det han har gjort, er resultat av den han er, og sjølv om mykje skulle ha
vore annleis, vart det berre slik det vart.
I «Ingenting som brenner» heiter
hovudpersonen Bernhard. Han har no og då samvær med sonen Theo, som ikkje ser
på faren som eit idol akkurat. Theo er politisk korrekt og allvitande om klima,
og handlingane til Bernhard er, slik Theo ser det, uetiske eller dumme. Ute er
det brennvarmt, men dei har seg ein tur i ein skihall, der dei gjer nokre nye
oppdagingar av kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.