JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Alt er som før

HAVANNA: Det har vore dramatiske år for Cuba. Barack Obama opna for diplomati, Fidel døydde og Det kvite huset blei tatt over av ein villmann. Men filmfestivalen i Havanna held stand.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen til Alexandra Latishev frå Costa Rica er eit slag i magen om graviditet i land med strenge abortlover.

3344
20171215
3344
20171215

FILM

Festival del Nuevo Cine Latinoamericano

Havanna 8. til 17. desember

Alt er som før, som Sergio i Cubas klassikar Minner fra underutviklingen (1968) av Tomás Gutiérrez Alea sa. Det er framleis kø rundt kvartalet for å sjå kubansk film før klokka ti om formiddagen. Faren for teknisk svikt er som før. Det blei to fånyttes forsøk på å sjå Sergio & Serguéi av Ernesto Daranas, som tok Havanna med storm med sterke Conducta i 2014. Slikt skapar stendig konspirasjonar om at filmen er kontroversiell.

Ringreven Gerardo Chijona stilte i år med stjernespekka Los buenos demonios (Dei gode demonane). Låtten sat laust i salen over det satiriske sosiale dramaet. Då figurar i filmen lurar på om motivasjonen marsbuarar har for å kome til Cuba kunne vere dei sosiale modellane, lo folk godt. Galgenhumor slår best an.

Kvinnene kjem

Festivalleiar Iván Giroud melde stolt om ein auke i talet på filmar laga av kvinner i konkurransane til 34 prosent. Ingen er kvotert inn. Breidda er god. Liquid Truth av Carolina Jabor er ein vellukka brasiliansk slektning av danske Jakten med skrekkeksempel frå sosiale medium. Med Mala junta (Dårleg selskap) målar chilenske Claudia Huaiquimilla eit bra bilete av undertrykkinga av mapuchefolket i dag. I sjølvbiografiske Killing Jesús tar Laura Mora oss med til eit mordplaga Medellín.

Medrivande Medea av Alexandra Latishev frå Costa Rica er eit slag i magen om graviditet i land med strenge abortlover. I mellomamerikansk samanheng er menneskerettsproblema knytte til ekstreme abortlover i land liksom styrte av radikale rørsler verre, altså Nicaragua og El Salvador. At filmfolk frå eit ganske greitt fungerande demokrati ser på autoritære Cuba som eit førebilete for feminisme, er tankevekkjande. Argentinske Pablo Giorgelli (På veien til Buenos Aires) skildrar liknande problem med Invisible. Båe har utmerkte unge damer i hovudrollene.

Andre takter

Det blir mykje hard realisme. El futuro que viene (Framtida som kjem) av den argentinske debutanten Constanza Novick var eit friskt pust, ein morosam og smart film om venskap frå tenår via gryande familieliv til skilsmisser og morskap. Søte La novia del desierto (Ørkenbrura) av Valeria Pivato og Cecilia Atán er òg ein sjarmklatt med supre Paulina García frå Gloria.

Puertorikansk film er sjeldan å sjå, men første filmen til Álvaro Aponte-Centeno imponerte med eit varmt portrett av ein menneskesmuglar. El silencio del viento (Stilla i vinden) er ein karibisk Middelhavet med flott foto og drivande drama der haitiarar og kinesarar kjem til Puerto Rico frå Den dominikanske republikk. Regissøren erklærte skam over at Puerto Rico som kolonien til USA ikkje takka ja til kubansk hjelp etter orkanen Irma i haust. For kubanarane er Irma mest bortforklaringa på alle problem for sesongen.

Festivalslagarar som En fantastisk kvinne, Los perros (Hundane), April’s Daughters og A Kind of Family var òg å sjå i oppsummeringa av året. Latin-Amerika lagar mykje flott film. Framleis har Cuba ein spesiell plass.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Galgenhumor slår best an.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis