Bøker
Året med haiku
Joakim Kjørsvik maktar å variere og bruke haikuforma på ein imponerande produktiv måte.
Joakim Kjørsvik har skrive både romanar og diktsamlingar etter debuten i 2007.
Foto: Tove Sivertsen
I Joakim Kjørsviks haikubok År og dag blir
ein ført inn i ei attkjenneleg norsk kvardagsverd. Her er greiner, svaler,
måker, bilar, bussar, hundebæsj, vasspreiarar, plenar, fleirbrukshallar, vegar,
ungar i rørsle og stillstand i vinter-, vår-, sommar- og haustlandskap.
I
tillegg finn ein dikt med inventar typisk for haikudikt, med fjell, måne og
frosk, men då ofte med ein vri som fortel om avstanden til det japanske
opphavet: «Leser et haiku/ om kirsebær. Skriver/ et om kongler.»
Dikta står fram som tilfeldige og tydingsskapande
augeblikksbilete dregne or den flimrande og kaotiske inntrykksstraumen for å kunne haldast fast. Samla sett har dei ikkje ambisjonar om å verkeleggjere ei
forteljing. Likevel skapar totaliteten av dei trelinja dikta ein eller annan
heilskap, men kanskje ikkje med så tydelege trekk som her: «Som på et skrape-/ lodd, trer ansiktet hans/ frem fra frontruta.»
Fordi det japanske haikudiktet, slik me kjenner det i Vesten, manar til fortetting, blir ein fyrst slått av omfanget på haikudiktboka til Joakim
Kjørsvik. 526 sider fylte med haikudikt. Haikudiktet står heller ikkje åleine på sida, oftast
er det tre, eller to. Somme dikt har likevel fått rom og kviler for seg sjølv.
Haikudiktet har vunne popularitet og er ei ofte nytta
pedagogisk diktform, kanskje fordi ho er så kort og – feilaktig – har blitt
oppfatta som styrt av enkle grunnreglar. Det vestlege haikudiktet er, også på
overflata, ulikt det japanske.
Japansk haiku står på éi line, medan ein her
deler det i tre liner. Kan hende skil ein verset i fleire liner for å
kompensere for at japansk skrift blir ført loddrett nedover sida, mens me skriv
vassrett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.