Alt som liknar på oss
Debutantdikt som står godt på eigne bein.
Silje Linge Haaland er kunstnar og poet.
Foto: Julie Pike
DIKT
Silje Linge Haaland:
Desperasjonsanimasjon
Gyldendal
I Silje Line Haalands debutbok Desperasjonsanimasjon finn ein dikt med ein sterk naturlyrisk impuls. Men naturkjensla vert råka av sjokkarta brot som riv ein bort frå landskapet ein er i. I setninga «stråene vaier som logo for vind» bryt økonomien inn i naturen, i sansinga og i språket.
Det handlar ikkje berre om at naturen blir innskriven i, og utnytta av, menneska. Det handlar også om noko meir grunnleggjande, om det å kunne sjå likskapar og likne noko med noko anna, for å blåse liv inn i det. Slik undersøkjer dikta ikkje berre etterlikningane som skjer i ungars tilhøve til vaksne, for naturen kan også tene som modell for etterlikninga: «Se: hvordan vi imiterer vannet/ hvordan ungenes hår bølger.»
Refleksjon
Diktdebutant Haaland er biletkunstnar. Gjennom ein særeigen montasjeteknikk fører kunstarbeida hennar saman fleire uttrykk, skulptur, video, lyd, tekst og tekstil. Ofte vandrar same motiv att og fram frå éin samanheng til ein annan, frå video til skulptur til tekst. Det verkar som det produktive i Haalands kunst skjer i overgangane og kryssingane mellom dei ulike materiala og framstillingsformene.
Tekststykke som finst i kunstverka, finst integrerte også i debutboka. Desperasjonsanimasjon er eit omgrep kunstnaren nyttar om kunsten sin: Fordi kunsten ikkje slepp unna at han er kunstig, skapar han ikkje autentisk liv. Kunst er i beste fall ein refleksjon av det levande. Kunsten får difor eit umogleg og fortvilande skjer over seg: «jeg er bundet til bilder etter bilder/ som gress til jord».
Grensekryssande
Eit slik prosjekt som kryssar over grensene til kunstartane og involverer ulike representasjonsformer, er høgst interessant. Ein kan altså lese diktboka i forlenginga av Haalands kunstnariske arbeid, samstundes står diktboka veldig godt på eigne bein som eit sjølvstendig og moge litterært uttrykk, prega av at undrande og spørjande naturlyriske bilete vert punkterte, eller snudde på hovudet, når fragment frå ein annan samanheng pressar seg på og annekterer dei.
Haalands dikt er på same tid vene, sansande og skjerande samstundes som dei set i verk refleksjonar knytte til kunsten, menneske og omverda utan å belaste dei med kunstfilosofisk utanomsnakk.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Haalands dikt er på same tid vene, sansande og skjerande.
Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.