Magisk realisme
Lars Mytting auser frå eit oppkomme av overlevert tradisjonsstoff og fri dikting.
Lars Mytting har gjeve ut sin femte roman, nummer to i ein trilogi.
Foto: Julie Pike
Roman
Lars Mytting:
Hekneveven
Gyldendal
Lars Mytting starta det storslåtte historiske eposet frå Gudbrandsdalen med Søsterklokkene i 2018. No er Hekneveven på plass, og enda skal det komme ein tredje roman før alt er i mål. Handlinga startar i 1880, årets bok går fram til 1919, og i heile denne perioden er Kai Schweigaard prest på Butangen, ei fiktiv bygd i nærleiken av Fåvang.
Som prest kjem han tett innpå bygdefolket, og han blir særleg opptatt av eldre tider, overlevert tradisjonsstoff og segner kring søsterklokkene i den gamle stavkyrkja, i Hekneveven etter dei samanvaksne tvillingane Gunhild og Hallfrid Hekne, som levde først på 1600-talet og opplevde Kringen-slaget i 1612. Men stavkyrkja er borte, søsterklokkene er skilde, ei er i Dresden, den andre på botnen av Løsnesvatnet i Butangen, og Hekneveven har vore borte sidan 1813. Det er ein versjon av jakta på den heilage gralen Mytting tematiserer i desse romanane, og han gjer det på imponerande vis ved å flytte den magiske realismen og skjebneforteljinga inn i den historiske romanen.
Skjebnen
Hekneveven er bygd opp kring tvillingbrørne Jehans Hekne og Victor Harrison, skilde ved fødselen samtidig som mora Astrid Hekne døyr i barsel i 1881. Når dei igjen treffest i 1903, er det tilfeldig, slik mykje i desse romanane verkar tilfeldig samtidig som det er underlagt ein større plan: skjebnen. Alt som er skilt, vender tilbake til der det høyrer heime, på Butangen, og Mytting imponerer ved å skru dette saman på ein måte som lesaren godtar og finn logisk innanfor dei materielle og kulturelle rammene han legg som føring for livsløpa han følgjer.
Samtidig viser han som alltid stor kunnskap og innsikt i gamle driftsformer og gammalt handverk og i moderne grep som blant anna gir elektrisk straum til bygda, og det siste er det Jehans Hekne som står bak. Jehans veks opp under tronge kår hos fosterforeldre, men han fyller Oskeladdens rolle i forteljinga ved at han vinn både «prinsessa og halve kongeriket». Han kjem seg opp og fram saman med den driftige Kristine, og etter kvart sit han som herre på Hekne etter å ha spelt den innfule og forstokka onkelen Osvald Hekne ut over sidelinja.
Fleire livsløp
Men det er fleire livsløp å følgje, både i og utanfor bygda, og den som fyller plass ved sida av Jehans, er tvillingbroren Victor, som veks opp hos rike fosterforeldre i Skottland, og som har eit band til Noreg og Butangen gjennom ei norsk guvernante. Slik blir den store og den vesle verda vovne saman i episodar og oppslag kring det som er felles for dei to brørne, og den som fører skyttelen fram og tilbake og formar eit mønster, er Kai Schweigaard som aldri sviktar sin misjon: å heidre minnet til Astrid Hekne, den store kjærleiken i livet hans.
Lars Mytting leverer stor forteljekunst i desse romanane, og sjølv om det her og der tippar over i det triviallitterære, greier han heile vegen å balansere mellom ein robust realisme og ein skillingsviseaktig sentimentalitet som alltid finst i folkedjupet. Det er godt gjort, og eg ser fram til avslutninga av trilogien.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lars Mytting leverer stor forteljekunst i desse roma-
nane.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen