Naivisme og økopoesi
Ida Frisch skriv forteljande dikt som vantar alvorsdimensjonen.
Ida Frisch romandebuterte i 2018. No har ho skrive dikt.
Foto: Morten Bendiksen
DIKT
Ida Frisch:
Kjære Grønland
Tiden
I denne boka vender dikta til Ida Frisch seg mot verdas største øy, Grønland. Forfattaren stilar brev til ei øy som openbert er ute av lage, med brear og is som smeltar i altfor stor fart. Øya får liv som ein samtalepartnar, som rett nok held seg taus og difor vert pepra med nye spørsmål og tankar om kva som er årsaka til at katastrofen skyt fart.
Forteljande
Stilen i diktboka er prosalyrisk og forteljande, med eit gripande rytmisk driv. Dette er bok nummer to av Frisch. Ho debuterte i 2018 med romanen Klør, som utmerkte seg med ei sterk prosalyrisk språkføring.
Sidan Grønland teier, kjem det stadig nye brev med framlegg og vinklingar frå brevskrivaren. Kanskje ønskjer Grønland forandring, kanskje er det kjærleiken til havet, eller kan hende til sola, som har fått Grønland til å smelte, spekulerer eget. I brevdikta vert alt ved øya skalert til menneskelege kjensler, målestokkar og utsyn, men den menneskelege påverknaden på miljøet og klimaet vert likevel ikkje nemnd som mogleg årsak til det som utspelar seg.
Slik vert dikta til lettare naivistiske brevmonologar som reflekterer det menneskelege egets situasjon, verdsbilete og tankar – forståeleg nok. Dikta er meir enn klar over dette kommunikasjonsproblemet: «du har en annen verden å uttrykke deg i», og ber fram eit ønske om likevel å finne fram til eit felles språk, der «det finnes et rom å se hverandre i,/ midt mellom smeltevann og håndledd».
Forfriskande forsøk
I mykje økolitterær skriving freistar ein å sjå naturen uavhengig av menneskets instrumentelle omgang med han. Ein vil riste naturen fri frå det menneskelege grepet som har ført oss inn i det økologiske uføret.
Fleire vil meine at besjeling av naturen er å plassere det menneskelege hegemoniet i det indre av han. Tingdiktaren Francis Ponge såg besjeling av natur og ting som frigjerande forsøk på å gi tinga og naturen ei eiga røyst.
Det er under ein liknande horisont ein kan sjå dikta til Ida Frisch. Sjølv om naturen ikkje vert sett frå naturens side, eller står fram med ei sjølvstendig røyst, er nettopp den spørjande verksemda i dikta eit forfriskande forsøk på å leve seg inn i naturen, få naturen i tale.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Stilen i diktboka er prosalyrisk og forteljande, med eit gripande rytmisk driv.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen