Bok
Det krevjande livet
Debutromanen til Anne-Lise Frøland er solid, vesentleg og gripande.
Anne-Lise Frøland har gått på Forfattarstudiet i Bø og debuterer no som romanforfattar.
Foto: Marius Fiskum
Solveig og Vegard tar over garden til foreldra hans etter at dei ikkje er i stand til å drive han lenger. Solveig er gardsnovisa, men det er Vegard som etter kvart mister fotfestet.
I ei tidleg scene møter vi Vegard og Solveig, eller Solli, som dei fleste kallar henne, på bar i ein by. Dei drikk øl og er urbane. Då dei kjem til garden, har dei med seg fancy kaffi, oliven og importert ost – ein medviten provokasjon frå Vegard si side. Foreldra hans står i ein meir tradisjonell bygdetradisjon der mat blir laga frå botnen av og ein ikkje flottar seg med jåleri.
Avstand avlar avstand
Solli og Vegard er båe lærarar, men det krevst mykje å drive ein mjølkegard, så sidearbeid blir det så som så med. I tillegg kjem økonomiske overraskingar og vedlikehaldsproblem. Men det eigentlege problemet er at Vegard, som tydelegvis har mykje å bere på frå oppveksten og i sitt eige hovud, gradvis krakelerer.
Her i dalen har dei ikkje stor sosial radius heller, det er naboen Sveinung, veterinæren Pia, den lokale legen Berit – og foreldra til Vegard. Dei blir alle haldne på aukande avstand, sidan Vegard ikkje orkar folk.
I forlagets omtale av boka heiter det blant anna at romanen handlar om «psykisk uhelse blant bønder», og det gjer han nok. Gjennom Anne-Lise Frølands skildringar blir det tydeleg for oss ikkje-bønder kor krevjande dette livet kan vere, både i det daglege stellet og i møte med styresmaktene og deira tilretteleggingar og støtteordningar. Men først og fremst seier denne romanen noko om korleis eit pågåande og eskalerande psykisk samanbrot kan arte seg for den det gjeld, og for dei pårørande, uansett kvar ein er i verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.