Bok

Det sanselege og det oversanselege

Novellene til Thomas Mann har framleis aktualitet.

Thomas Mann (1875–1955) fekk Nobelprisen i litteratur i 1929.
Publisert Sist oppdatert

Den tyske kulturen var der Thomas Mann var, skal me tru Thomas Mann. Han var med andre ord ein sjølvmedviten kar, så sant han såg på den tyske kulturen som noko storarta. No ligg tre av novellene hans føre i ny omsetjing til nynorsk.

Den første er eit verk mange kjenner til, ei lang novelle eller ein kort roman om eit kunstnarliv under tittelen «Tonio Kröger». Tonio er son til konsul Kröger, alvorsmann og kornhandlar i ein tysk by ved Austersjøen, og mor til Tonio, fru Kröger, er ei sydlandsk og livleg dame som sjølvsagt ikkje heiter Cathrine, men Consuelo. Konsulen og Consuelo, altså.

Ulukkeleg kjærleik

Fjorten år gamle Tonio er forelska i kameraten Hans Hansen, men denne kjærleiken kjem ikkje til noko fysisk uttrykk. To år seinare er han forelska i Ingeborg Holm, men det ser ikkje ut til at ho bryr seg særleg om han. Tonio les og skriv dikt, han er ein kunstnarnatur som med tida vert ein kjend forfattar, men i ungdomstida er han for det meste ulukkeleg.

Ein får ei kjensle av at han dyrkar denne ulukka, og kan hende finn han noko søtt inst i det vonde. Truleg er det også der han finn litteraturen sin, utan at han set kunstnarlivet særs høgt. Eller er han berre kokett når han seier at litteraturen er ei forbanning? Kor som er gjer han, etter tretten år (framleis i den delen av livet der tretten år tykkjest lenge) i Sør-Europa, ei reise nordover, via heimbyen og til Danmark, der han ved eit tilfelle får sjå att Hans Hansen og Ingeborg Holm, no som eit par, og han ser dei, men dei ser ikkje han, for han er for alltid utanfor det dei andre er innanfor.

Den andre teksten i boka, «Døden i Venezia», handlar som mange veit om forfattaren Gustav von Aschenbach, som reiser frå München og mot sør. Han seier ikkje at det er trist i Trieste, og eg skal ikkje laga noko nummer av at han dreg vidare til Pula, men han trivst ikkje der heller, så han set kursen mot Venezia, der lagnaden grip han på uventa vis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement