Bok
Det vakre og det grufulle
Cormac McCarthy skildrar dei mest utsette både morosamt og sørgjeleg.
Cormac McCarthy (1933–2023) var kjend som ein stor stilist.
Foto: Beowulf Sheehan
Cormac McCarthy, som døydde i 2023, var ein av USAs mest kjende forfattarar. Også i Noreg har mange av romanane hans vekt stor åtgaum. No ligg Suttree frå 1973 føre på bokmål, også denne meisterleg omsett av Knut Ofstad.
Cornelius Suttree har bakgrunn frå borgarskapen, men har forlate slekt, kone og barn for å leve eit liv i fattigdom. I ein husbåt på Tennessee-elva i utkanten av Knoxville livnærer han seg, så vidt det er, ved å selje fisk han fangar i elva. Om kveldane frekventerer han ymse lokalitetar i lag med svirebrørne sine, drikk dårleg whisky og øl, besøker prostituerte og deltar i slåstkamp om han må. Året er 1951.
Suttrees bakgrunn og livsval blir kontrastert ved den viktigaste bifiguren i boka, Gene Harrogate. Medan Suttree kjem frå solsida og sjølv har valt eit liv på samfunnets skuggeside, er Harrogate fattigguten som forsøker å overleve på kreativt og oftast kriminelt vis. Suttree blir ein slags farsfigur for den unge lovbrytaren. Han har sjølv ein dom. Når forteljinga opnar, sit dei båe inne. Når dei er vel ute, søkjer Harrogate opp Suttree og slår seg ned i nabolaget, berre i endå meir elendige kår.
Ordrikt
Klasseperspektivet er tydeleg, og skildringane av menneska på botnen av det amerikanske samfunnet er farga av øm solidaritet. Vi møter ein brokete gjeng av alkoholikarar og lovbrytarar, fillesamlarar, prostituerte og psykisk sjuke.
I tillegg omgir Suttree seg med ymse «vekkingspredikantar» og andre trolldomskyndige. Alle fattige. Det er ei verd med mykje fornedring, urettvise og rasisme, men også eit miljø der det er plass til ærleg og spontant samvær. Replikkane sit laust. Suttree, som altså kjem frå eit langt meir privilegert miljø enn kompisane, har stor omsut for naboar og vener.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.