JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Det vanskelege andrebarnet

Line Nyborg skriv levande og tankevekkande om kor umerkeleg ein kan miste seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Morsrolla er eit tema som går att i romanane til Line Nyborg.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbluss

3393
20171124
3393
20171124

Roman

Line Nyborg:

Det andre barnet

Cappelen Damm

Hovudpersonen Agnes i Line Nyborgs Det andre barnet står på eit tidspunkt fast i ein floke i livet sitt og hevdar for seg sjølv at ho burde forstått kva veg det siste forholdet hennar ville ta alt i byrjinga. Men kan nokon lese teikn om andre før det er gått ei tid? Det er lettast å spå om fortida.

Agnes lurer stadig på om ho gjer noko «feil» ved å vere slik ho er, men feilen ligg snarare i at ho har trudd at det er om å gjere å vere saman med ein annan – nesten same kven, berre ein blir to av det. Når Agnes og Sigurd treffer kvarandre, blir dei brått fire, då Agnes har sonen Jacob frå før og Sigurd har dottera Ina.

Rikeleg med uvilje

Det andre barnet er for Agnes Ina. Som faren Sigurd representerer Ina noko heilt anna enn det som passar inn i Agnes’ eige, rolege, ordna liv, nemleg noko bråkete, rotete, kantete og høglydt: «Etter at de har gått, er det som om det har vært fest og vi må rydde opp, bildene henger skjevt og stoler har velta, putene ligger spredt utover golvet, oppvasken står høy i kummen.»

Den veksande uviljen mot Ina er konkret nok i kvardagen til Agnes, men det botnlause i han blir òg for lesaren eit bilde på kor breitt uviljen femnar; både om sidene ho ikkje visste om hos Sigurd, den brå flyttinga til hans barndomsstad i Vestfold og kven ho sjølv blir i nærleiken deira. Bak det heile lurer Christoffer-saka, der stefaren blei dømt for å ha påført stesonen dødelege skadar, og som Agnes står midt oppe i både i tidspunkt og geografi. Ho tenker på mora til Christoffer og synest ho forstår meir og meir korleis ein kan viske ut seg sjølv og overta verdsbiletet til ein annan.

Spennande og dynamisk

Meir går det ikkje an å røpe om sjølve handlinga. Det mest interessante er då også korleis Line Nyborg bringar handlinga fram. Agnes står i midten med synsvinkelen, tankeverda og tolkingane av alt som skjer. Rundt står ikkje berre Sigurd, Ina og Jacob, men òg eit knippe venninner, som reagerer på Agnes’ tankar og val på ulike måtar. Nokre er støttespelarar, andre nødutgangar, andre igjen opptrer som korrigeringar. Måten dei slepp til på i teksten skapar eit spenn og ein diskusjon som er fruktbar for både Agnes og lesaren. Det same kan seiast om polakken Vrodek, som forfattaren teiknar opp som ein representant for eit alternativt liv for Agnes. Mor til Agnes har òg tidlegare gjort livsval som ikkje er uvesentlege for Agnes når det kjem til stykket. Agnes ser i tråd med det at ho og Sigurd påverkar Jacob på fundamentalt ulike vis – kven er guten i ferd med å bli, eigentleg?

Frå Christoffer-saka og veikskapen til ulike mødrer og til Vrodek med ansvarskjensla og venninna Ingunn som ikkje lèt nokon fortelje ho korleis ho skal eller bør vere, står det altså ei rekke moglege «utgangar» eller løysingar rundt Agnes. Nokre av dei blir oppdaga og grubla over av Agnes sjølv, andre får kanskje mest lesaren auge på. Uansett blir det ein levande, dynamisk og viktig tekst av det. Romanen er spennande på handlingsplanet, men har òg eit rikhaldig loft der lesaren kan setje seg ned og sjå endå litt meir og litt lenger enn hovudpersonen.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det mest interessante er då også korleis Line Nyborg bringar handlinga fram.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis