Tom Cruise er ein klovn i kulturkamp med mumiar.
Tom Cruise og Annabelle Wallis i eit høgdepunkt i filmen.
Foto: United International Pictures
ACTION/EVENTYR/FANTASY
Regi: Alex Kurtzman
The Mummy
Med: Tom Cruise, Annabelle Wallis
Nick (Cruise) er soldat og stel antikvitetar i Irak. Arkeologen Jenny (Wallis) kjem til når ei bombe opnar eit hol til eit kammer med egyptiske artefaktar. Uvyrdne Nick tergar gudane. Helvetet er laust.
Orientalisme 1.0
Storproduksjonens spesialeffektar, lyd og bilete held høg standard. Tom Cruise passar som einfelt tufs, men eg hadde fortrengt kor slåande slett han er som skodespelar. Orsak det billige poenget, men ein mumie har friskare fjes. Forsøka på komiske element er for hyppige og temmer spenninga monstra skal skape. Slapstick og sleivete snakk haglar tett som ramnane og rottene som martrar heltane.
Kampen står mellom ljos og mørke. Det gode er representert av den blonde britiske akademikaren Jenny. Det vonde står den sensuelt syndige egyptiske prinsessa Ahmanet i balsamert form for. Vestens blikk på Midtausten er det vanlege vaset. Konflikten blir grundig forklart. Er du tungnæm, er du takksam, men tolmodet mitt tar slutt i opningssekvensen.
Rotne rammer
The Mummy skriv seg inn i populærkulturelle rammer med Bride of Frankenstein (1935) og zombiar så vel som filmane om Indiana Jones. Den okkulte byantikvaren i London heiter Dr. Jekyll. Diverre held filmen mest på dårlege og utdaterte trekk frå gamle verk. Resultatet er rote. Eg grøssar over Universals planar om fleire filmar i det nye Dark Universe. For klassiske forteljingar med mumiar tilrår eg ein tur til næraste bibliotek eller cinematek for å spa fram Chadi Abdel Salams Natten de talte tårene (Al-mummia) frå 1969.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen