Musikk

Ei ny røynd

Middelaldrande sørstatsmann med langt over middelmådig glød i si beste og verste tid.
 

Jason Isbell finn alltid si eiga sanning i strengane på gitaren.
Publisert

I juni 2013 var Michael Jason Isbell ein 34 år gamal nyleg tørrlagd drukkenbolt i eit platestudio. I røynda hadde sørstatsamerikanaren framleis ikkje fått heilt dreis på solokarrieren etter å ha vorte slengd ut av bandet Drive-By Truckers for fyll.

Men med whiskyen borte og fersk partnar – dei vart kone og mann berre to dagar etter innspelinga – sette Southeastern, som albumet vart kalla, så djupe spor at han kalla opp plateselskapet sitt etter det.

Albumet opnar med «Cover Me Up», om ein som slit med einsam rus og er lei det meste – særleg av å vere åleine. Låten, som albumet, skildrar korleis kjærleiken frå kona og medmusikaren Amanda Shires hjelpte han å bli – og, meir sentralt, halde seg – rusfri. Southeastern er ei lykke der han spør seg: «Kva kan eg bruke denne sjansen til?»

Ei landeplage

Ganske mykje, skulle det vise seg. Isbell vert eit førebilete innan americana, denne påfallande sjangeren som sameinar country, folk, blues og rock.

Mildt sagt omtvista Morgan Wallen gjorde «Cover Me Up» til ei landeplage. Og Martin Scorsese gjer han til skodespelar i Killers of The Flower Moon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement