JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Eit vell av vill vald

Storstilt sørkoreansk action har humane hint.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kim Ok-vin i hovudrolla som Sook-hee har det travelt med å hemne seg.

Foto: Fidalgo

2656
20171201
2656
20171201

ACTION

Regi: Jung Byung-gil

The Villainess

Med: Kim Ok-vin, Shin Ha-kyun, Sung Joon

Actionfilmar frå Sør-Korea har hatt stor suksess internasjonalt. Cannes plar presentere eit knippe slike, og i år var snakkisen The Villainess av Jung Byung-gil. Ikkje utan grunn. Uskuld og ultravaldeleg hemn heng saman i soga om Sook-hee (Kim), som er trena opp som drapsmaskin frå barndomen. No står ho i skuld til den sørkoreanske tryggleikstenesta. Spelet mellom staten og skurkane er eit skite samansurium stenka i blod. Helten må gå over mange lik for å bli fri.

Blodig tradisjon

Opningsscena i The Villainness er vill. Vi følgjer ein figur som skyt, stikk og slår ned ein skokk med folk i ein sabla fart. Alt skjer frå blikket til drapsmaskina. Ein har ikkje oversikt, men mann etter mann kjem mot ein i ei ferd frå rom til rom. Det er ei unik, heseblesande oppleving på sju minutt.

Blodspruten står stendig. Det gjev meining at andre har trekt parallellar til internasjonale storfilmar som Kill Bill og The Raid i tillegg til koreanske suksessar som Oldboy. Hemn står sentralt. Filmen er tungt lasta med tilbakeblikk der vi får forklart blodtørsten til Sook-hee. Ho vil hemne faren. Motivet er tradisjonelt, men figuren fascinerande. Overraskande vendingar høyrer med, men med komplisert rolleliste kan historia til tider vere vrien å følgje. Ein heng likevel med i sympati med Sook-hee.

Bra balanse

Actionsekvensane er mest sett i byrjinga og mot slutten. Midtpartiet er eit rolegare romantisk drama med dobbeltroller der det vonde vaker i bakgrunnen. Balansen mellom menneska det handlar om, og fråssinga i vold, er betre enn kva ein stundom ser i sjangeren. Kim Ok-vin i hovudrolla og Shin Ha-kyun er båe kjende frå populære filmar av landsmann Park Chan-wook. Spesielt Kim spelar godt utan store fakter i dramasekvensane. Musikken varierer frå keisam generisk pulserande rytme, for å lage spenning, til friske symbalar som hevar intensiteten sterkt i slagscenene.

Dei sentrale kampscenene er visuelt imponerande og heidundrande hektiske. Valdsmaskina Sook-hee strør kroppar rundt seg. Kontrastane er sterke mellom lys og mørke. Eit bilete av ei brur som snikskyttar lèt seg selje. Tilhengjarar av sørkoreansk slåsting spesielt og asiatisk actionfilm generelt vil fryde seg. Eg hang godt med utan å sjå på klokka i ein veldig lang film med eit vell av vald. Det er ikkje verst.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Vi følgjer ein figur som skyt, stikk og slår ned ein skokk med folk i ein sabla fart.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis