Bøker
Festen før fallet
Guri Idsø Viken skriv underhaldande og overflatisk om Arendals økonomiske undergang.
Guri Idsø Viken er litteraturvitar, journalist og samfunnsdebattant. Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun
Axel Herlofson var ein heilt sentral skipsreiar, eigedomsbaron og
bankeigar i Arendal på slutten av 1800-talet. Etter å ha opparbeidd seg enorm
rikdom både ved normal forretningsverksemd og gjennom misleghald og grove underslag eigde han og familien hans det meste i sørlandsbyen. Då det small i 1886, drog han med
seg bank og by ned i elendet. Krakket var så dramatisk at enkelte
meiner det fekk følgjer for Arendal og omgjevnadene i hundre år.
Med dette utgangspunktet har Guri Idsø Viken spunne ei livleg soge om både
fiktive og verkelege personar. Det er blitt ei forteljing der sterke kjensler
får stor plass, særleg seksuelle og spesielt slike som ikkje var aksepterte i
samtida. I tillegg får vi mange og detaljerte skildringar av klede og interiør
hos dei kondisjonerte i sørlandsbyen på slutten av 1800-talet: kjolar og
korsett, slips og nips, mange typar interiør og sko så blanke at himmelen speglar
seg i dei. Også mat og måltid er vigd stor plass.
Kjærleiksintrigar
Mange av karakterane ber dei same namna som verkelege personar. Om dei
er truverdige, er ei anna sak. Utanom Herlofson sjølv er dei to vi blir best
kjende med, ein reint fiktiv karakter og ein halvautentisk, om ein kan seie det
slik.
Agnes Mercier er dotter til Axel Herlofsons elskar i Paris. I opninga er
ho i sitt livs krise. Faren (altså Axels elskar) er død, og onkelen hennar har
kasta ho til ulvane, eller rettare sagt inn på bordell. Enno jobbar ho ikkje
der, men det er farleg nær.
Agnes har eit av-og-på-forhold til Axels bror,
Didrik, som no har gifta seg med ei anna. Når ho ein dag oppdagar og tar med
seg eit forlate spedbarn, lurer ho Axel til å tru at barnet er hennar og
Didriks. I redsle for skandale går brørne med på å ta barnet med til Arendal og
inn i familien – og å hjelpe Agnes. Slike kjem pariserinna seg til Arendal, der
ho opnar kjolesalong for fine fruer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.