Eit ekte menneske
Renate Reinsve er ei openberring når Joachim Trier rundar av Oslo-trilogien med bravur.
Julie (Renate Reinsve) spring gatelangs i Oslo på leit etter fyren sin.
Foto: Oslo Pictures
DRAMA / KOMEDIE
Regi: Joachim Trier
Verdens verste menneske
Med: Renate Reinsve,
Anders Danielsen Lie,
Herbert Nordrum
Kinofilm
Julie (Reinsve) bikkar snart tretti. Ho skulle først bli lege, så psykolog, før ho fall ned på foto, sidan ho har visuell teft. Deltidsjobb på ein bokhandlar passar mellombels. Ho blir saman med den suksessrike teikneserieskaparen Aksel (Lie). Han er god og grei, men er meir verpesjuk enn Julie, som ikkje veit heilt kor ho er på veg. Kanskje eit møte med Eivind (Nordrum) på fest fører til nye vegar?
Reine tonar
Renate Reinsve er rågod. Ho spelar på eit breitt spekter av nyansar, kraftig og kjenslevart. Ho er 100 prosent til å tru på. Den visuelle stilen i filmen løftar den nakne, opne stilen. Kvar kjensleprovoserte raudtona flekk på huda kjem klart fram. Lyssettinga er ærleg og klaffar godt med den samansette figuren Julie er. Reinsve og regissør Trier teiknar eit bilete av eit ekte menneske. Anders Danielsen Lie er òg i si vante storform.
Lydsporet er fullpakka av flott populærmusikk som gjev tempo og stemning. Dei faste bidraga frå komponist Ola Fløttum og lyddesignar Gisle Tveito er òg gull. Lett pianoklimpring får fram dei frankofile trekka til Trier. Flittig forteljarstemme i byrjinga gjer òg sitt på den fronten.
Når stemma seinare går parallelt oppå dialog med ein variant av same setningar, blir det eit parodisk metatrekk som er morosamt. Prat om kunstens rolle og kjønnsforviklingar høyrer med. Når nokon blir «intellektuelt litt kåt», veit du kva du har med å gjere. Trier treffer med sjølvironien òg.
Kjære Oslo
Om ein krinsar rundt kreative yrke i Noreg i dag og har venner som driv med alt frå kaféjobb til ymse kunstartar, er det mange trekk å kjenne seg igjen i i Verdens verste menneske. Livsval, kjærleik utan klaff, jobb, barn, kunst som skaper uro, kulturobjekt som var fysiske, og så bortetter. Trådane driv gjennom middelklasseliv med høg kulturell kapital.
Filmen har avsporande stilbrot som kjærkomne avbrekk, anten det er hurtig tilbakeblikk til alt mødrene har kjempa, eller identitetsleitinga til perifere figurar. Den mest slåande scena er når heile Oslo frys i same sekund og Julie spring gatelangs for å finne fyren sin.
Kjærleiken til Oslo er sjølvsagd når Joachim Trier avsluttar trilogien om heimbyen etter debuten Reprise frå 2006 og Oslo, 31. august frå 2011. Julie skodar ut over hovudstaden og vandrar gatelangs. Byromma er viktige visuelt. Når Aksel mimrar om Video Nova på Majorstua, er det klart kvar Trier høyrer heime.
Toppen
Den hylla filmskaparen held til på, er øvste hylle i filmverda. Han har talent i bøtter og spann. Han er kunnskapsrik og smart. Og han har uklanderleg smak og stil. Det er store forventingar knytte til ein norsk film frå hovudkonkurransen i Cannes, ikkje minst når filmen kjem heim med ein historisk, gjæv pris.
Verdens verste menneske skuffar ikkje éin plass. Filmen er underhaldande, engasjerande og flott å sjå på. Eit rått norsk filmår rir vidare.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den hylla filmskaparen held til på, er øvste hylle i filmverda.
Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.