Regissør Hirokazu Kore-eda fekk årets gullpalme på avsluttingsseremonien til filmfestivalen i Cannes.
Foto: Eric Gaillard / Reuters / NTB scanpix
Filmfjes
Årets gullpalme gjekk til stjerneregissør og vekas fjes, Hirokazu Kore-eda. Filmen han hadde med seg til Cannes, Shoplifters (orig.tittel: Manbiki kazoku), er alt sikra norsk distribusjon, heldigvis. Japanaren kom før i år med krimmen Det tredje mordet. Av mine favorittar kan nemnast Som far, så sønn (2013) og Still Walking (2008). Det minner meg på at eg må få sett resten av katalogen hans så snart som råd er. Du òg.
B.A.
Sjå på nett no
(HBO Nordic) Dette blir meir som ei påminning og ein refleksjon av kor lite TV eg har kapasitet til for tida. For kvar gong eg treng litt skjermtid, blir det rett inn på den udugelege strøymetenesta HBO for å sjå den kanskje beste amerikanske sitcom-serien som er laga. 30 Rock er like fantastisk morosam no som då han fyrst vart send i 2006. Tina Fey er eit geni, om ho aldri lagar noko meir nokosinne.
B.A.
Tre på topp
Organisasjonen GLAAD slo i veka fast at dei sju store studioa hadde færre skeive figurar i 2017 enn i 2016. Tala er tynne. Warner Brothers og Lionsgate får stryk. Her er tre storfilmar som greidde Vito Russel-testen for skeiv representasjon:
1) Get Out frå Universal Pictures er knallgod. Filmen klarar testen fordi hushjelpa med godvilje kan reknast som lesbisk.
2) Alien: Covenent frå 20th Century Fox er kul. Har du lupe og tolmod finn du eit homofilt par.
3) Sjølv om eg ikkje har sett Skjønnheten og udyret frå Walt Disney Studios, må han med, sidan barnefilmen blei sensurert av fleire styresmakter på grunn av en skikkeleg skeiv figur.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Årets gullpalme gjekk til stjerneregissør og vekas fjes, Hirokazu Kore-eda. Filmen han hadde med seg til Cannes, Shoplifters (orig.tittel: Manbiki kazoku), er alt sikra norsk distribusjon, heldigvis. Japanaren kom før i år med krimmen Det tredje mordet. Av mine favorittar kan nemnast Som far, så sønn (2013) og Still Walking (2008). Det minner meg på at eg må få sett resten av katalogen hans så snart som råd er. Du òg.
B.A.
Sjå på nett no
(HBO Nordic) Dette blir meir som ei påminning og ein refleksjon av kor lite TV eg har kapasitet til for tida. For kvar gong eg treng litt skjermtid, blir det rett inn på den udugelege strøymetenesta HBO for å sjå den kanskje beste amerikanske sitcom-serien som er laga. 30 Rock er like fantastisk morosam no som då han fyrst vart send i 2006. Tina Fey er eit geni, om ho aldri lagar noko meir nokosinne.
B.A.
Tre på topp
Organisasjonen GLAAD slo i veka fast at dei sju store studioa hadde færre skeive figurar i 2017 enn i 2016. Tala er tynne. Warner Brothers og Lionsgate får stryk. Her er tre storfilmar som greidde Vito Russel-testen for skeiv representasjon:
1) Get Out frå Universal Pictures er knallgod. Filmen klarar testen fordi hushjelpa med godvilje kan reknast som lesbisk.
2) Alien: Covenent frå 20th Century Fox er kul. Har du lupe og tolmod finn du eit homofilt par.
3) Sjølv om eg ikkje har sett Skjønnheten og udyret frå Walt Disney Studios, må han med, sidan barnefilmen blei sensurert av fleire styresmakter på grunn av en skikkeleg skeiv figur.
H.T.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.