Alfhild Hovdan.
Foto: NTB scanpix
Filmfjes
Fjeset til tidlegare turistsjef i Oslo, Alfhild Hovdan, burde ifølge Nasjonalbiblioteket vore meir verdsett. Bladet Rushprint skriv at ein under prosjektet Nordic Women in Film fann prov på at Hovdan hadde regi på dokumentarfilmane Hallo Oslo! I og II pluss Norske kulturpersonligheter. Desse var blant dei første norske lydfilmane tidleg i trettiåra. Då var ho første kvinne i landet til å lage film, med god margin til Edith Carlmar, som debuterte med Døden er et kjærtegn i 1949.
H.T.
Sjå på nett no
(8 kjelder på Filmgrail.com) Loving (2016) var i hovudprogrammet i Cannes, og Ruth Negga var nominert til Oscar for beste hovudrolle, men filmen kom ikkje på kino i Noreg. Jeff Nichols står for regi på eit lågmælt og intenst drama om eit par som endra lover om «raseblanding» i USA i 1967. Sanne historier om episke rettssaker kan fort bli kvalmande, men ikkje her. Actionhelten Joel Edgerton er herleg som handverkar av få ord. Negga er nydeleg i ei rolle som utviklar seg sakte og strålar sterkt mot slutten.
H.T.
Tre på topp:
Svenskane kan jo verkeleg laga god komedie av det lette slaget, det står ikkje på det!
Tilsammans (2000) Ein av dei komediane som klarar å kombinera det såre med det fabelaktig morosame på ein glimrande måte.
Kopps (2003) Reinspikka tøysehumor, men med nok sleivspark og gode rollefigurar til å verta topp underhaldning.
Adam & Eva (1997) Morosamt om opp- og nedturar i eit ekteskap – og tilfeldigvis laga av Måns Herngren, ein av Solsidan-regissørane.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Fjeset til tidlegare turistsjef i Oslo, Alfhild Hovdan, burde ifølge Nasjonalbiblioteket vore meir verdsett. Bladet Rushprint skriv at ein under prosjektet Nordic Women in Film fann prov på at Hovdan hadde regi på dokumentarfilmane Hallo Oslo! I og II pluss Norske kulturpersonligheter. Desse var blant dei første norske lydfilmane tidleg i trettiåra. Då var ho første kvinne i landet til å lage film, med god margin til Edith Carlmar, som debuterte med Døden er et kjærtegn i 1949.
H.T.
Sjå på nett no
(8 kjelder på Filmgrail.com) Loving (2016) var i hovudprogrammet i Cannes, og Ruth Negga var nominert til Oscar for beste hovudrolle, men filmen kom ikkje på kino i Noreg. Jeff Nichols står for regi på eit lågmælt og intenst drama om eit par som endra lover om «raseblanding» i USA i 1967. Sanne historier om episke rettssaker kan fort bli kvalmande, men ikkje her. Actionhelten Joel Edgerton er herleg som handverkar av få ord. Negga er nydeleg i ei rolle som utviklar seg sakte og strålar sterkt mot slutten.
H.T.
Tre på topp:
Svenskane kan jo verkeleg laga god komedie av det lette slaget, det står ikkje på det!
Tilsammans (2000) Ein av dei komediane som klarar å kombinera det såre med det fabelaktig morosame på ein glimrande måte.
Kopps (2003) Reinspikka tøysehumor, men med nok sleivspark og gode rollefigurar til å verta topp underhaldning.
Adam & Eva (1997) Morosamt om opp- og nedturar i eit ekteskap – og tilfeldigvis laga av Måns Herngren, ein av Solsidan-regissørane.
B.A.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.