Kjetil Alexander Gudmestad.
Filmfjes
Kjetil Alexander Gudmestad er eit av mange norske filmfjes som vankar i Grimstad i helga, når Kortfilmfestivalen fyller 40 år. Vi gratulerer. Som vanleg er det eit vell av stutte filmar å ta av. Sjølv er eg spent på Gudmestads Carl Lange, basert på Kjell Askildsens suverene novelle. Den lovande siddisen har base i London, men har stønad frå ei rekke norske institusjonar når han tar fatt på ein av landets store forfattarar.
H.T.
Sjå på nett no
(NRK) Europeiske val pregar media om dagen. Dokumentarfilmen All makt til folket (2016) er eit godt innblikk i ei av dei populistiske rørslene – den italienske komikaren Beppe Grillos Femsstjernersrørsle. Slagordet «tutti a casa» frå filmens originaltittel peikar på viljen til å sende alle frå den politiske klassen heim. Danske Lise Birk Pedersen har topp tilgang til sentrale aktørar, men Grillo verkar fjern og uføreseieleg. Suksess og splid er nøkkelord. Demokrati på italiensk er eit underhaldande kaos.
H.T.
Tre på topp:
Noko av det James Baldwin sakna i oppveksten, var å kunna identifisera seg som homofil mann når han gjekk på kino. Her er tre som yter minnet hans rettferd:
My Beautiful Launderette (1985) Hanif Kureishis suksessroman vart ein stor filmsuksess trass i lada tema som innvandring og homofili.
Beautiful Thing (1996) Ein av desse rørande filmane der du tenkjer alt går gale for dei to ungdomsgutane, men så er alt heilt greitt i staden. Elsk.
Moonlight (2016) Årets Oscar-vinnar klarte å blanda det tradisjonelle gettobiletet med nyansert og vakker framstilling av skeiv legning i dette miljøet.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Kjetil Alexander Gudmestad er eit av mange norske filmfjes som vankar i Grimstad i helga, når Kortfilmfestivalen fyller 40 år. Vi gratulerer. Som vanleg er det eit vell av stutte filmar å ta av. Sjølv er eg spent på Gudmestads Carl Lange, basert på Kjell Askildsens suverene novelle. Den lovande siddisen har base i London, men har stønad frå ei rekke norske institusjonar når han tar fatt på ein av landets store forfattarar.
H.T.
Sjå på nett no
(NRK) Europeiske val pregar media om dagen. Dokumentarfilmen All makt til folket (2016) er eit godt innblikk i ei av dei populistiske rørslene – den italienske komikaren Beppe Grillos Femsstjernersrørsle. Slagordet «tutti a casa» frå filmens originaltittel peikar på viljen til å sende alle frå den politiske klassen heim. Danske Lise Birk Pedersen har topp tilgang til sentrale aktørar, men Grillo verkar fjern og uføreseieleg. Suksess og splid er nøkkelord. Demokrati på italiensk er eit underhaldande kaos.
H.T.
Tre på topp:
Noko av det James Baldwin sakna i oppveksten, var å kunna identifisera seg som homofil mann når han gjekk på kino. Her er tre som yter minnet hans rettferd:
My Beautiful Launderette (1985) Hanif Kureishis suksessroman vart ein stor filmsuksess trass i lada tema som innvandring og homofili.
Beautiful Thing (1996) Ein av desse rørande filmane der du tenkjer alt går gale for dei to ungdomsgutane, men så er alt heilt greitt i staden. Elsk.
Moonlight (2016) Årets Oscar-vinnar klarte å blanda det tradisjonelle gettobiletet med nyansert og vakker framstilling av skeiv legning i dette miljøet.
B.A.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen