Filmfestivalen i Bologna er ei gullgruve av kulturarv.
Marilyn Monroe i filmen Return of no Return.
Foto frå filmen
Il Cinema Ritrovato
Bologna 17. juni til 2. juli
Verdas eldste universitetsby Bologna byd på det beste av restaurert gamal film når dei presenterer nypussa juvelar for eit publikum på hundre tusen. Det haglar klassikarar i kvar sal, og ute på Piazza Maggiore samlar menneske seg kvar kveld for å sjå alt frå Sergej Eisensteins Panserkrysseren Potemkin (1925) via Jean Vigos L’Atlante (1934) til Johnny Guitar (1954) av Nicholas Ray.
Fargar frå start
Programmet er proppa av svartkvit- og stumfilm, men folk freista fargefilm frå byrjinga, blant anna med teknikken Kinemacolor. Seksten stutte godbitar frå 1907 til 1915 med titlar som Balkan War Pictures, Tartan of the Scottish Clans og Lake Garda, Italy er vilt vakre. Meir kjende Technicolor er òg i fokus, så ein kan fråssa i fargar med Douglas Sirks All that Heaven Allows (1955) og Written on the Wind (1956). Ein kan òg nyte Robert Mitchum og Marilyn Monroe i River of no Return (1954) av Otto Preminger i full fargeprakt.
Skjult gull
Karrieren til monsterfilmmeister James Whale kantra då studioet klipte The Road Back (1937), etter rykta grunna tyske truslar. Filmen held fram historia frå Intet nytt fra Vestfronten og er ei pasifistisk skildring av tyske soldatars liv etter første verdskrigen. Etter mange tiår kan ein no sjå den sterke originalen. Elles finst oppfriska kopiar frå den meksikanske gullalderen, som Two Monks (1934) av Juan Bustillo Oro, startskotet for meksikansk gotikk. Det er òg spennande å sjå iransk film noir av Samuel Khachikian, for eksempel Crossroads of Events (1955), med Irans første kyss på film. Diverre var kysset borte då filmrullane kom frå Teheran. Nokre flunkande filmaugneblinkar er kanskje tapte for alltid.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor ved Institutt
for framandspråk ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar
i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen