JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

For fort i svingane

Personbreva gjev godt innblikk i tilhøva i 1700- og 1800-talssamfunnet, men korrekturen har gått for fort.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Breva er skrivne i tidsrommet 1772 til 1854.

Illustrasjon frå boka

4592
20171201
4592
20171201

BREV

MONA RINGVEJ OG AUDUN RENOLEN AASBØ:

Fortidens stemmer.

Brev fra Nasjonalbibliotekets samlinger

1772–1854, bind II
NASJONALBIBLIOTEKET 2017

Nasjonalbiblioteket har nå utgitt andre bindet i serien Fortidens stemmer, med (stort sett) hittil upubliserte brev frå bibliotekets store brevmateriale. Dette nye praktbindet med 22 brev, også det rikt illustrert med detaljar frå breva, dekker ein periode på vel 70 år, frå ei augevitneskildring av den grufulle halshogginga av Johann Friedrich Struensee i Fælledparken i København i april 1772, til Camilla Colletts audmjuke bøn til den danske litteraten Johan Ludvig Heiberg om å lese eit utkast til Amtmandens Døttre i 1854.

Den nye boka har same struktur som første bind, men med andre redaktørar/forfattarar. Historikar og biograf Mona Ringvej har skrive eit kort forord. I ei interessant innleiing gjer forskingsbibliotekar ved Nasjonalmuseet, Audun Renolen Aasbø, greie for årsakene til at det vert skrive så mange privatbrev nett i denne perioden, som – som han seier – dekker ein menneskealder med svimlande omstillingar både politisk og sosialt. Han peikar for det første på at postgangen er blitt langt betre og billegare enn tidlegare, for det andre på at brevpapir nå blir masseprodusert, og for det tredje på at brevet er blitt eit uunnverleg bindemiddel både i den offentlege forvaltinga og i privatsfæren. Folk, det vil seie det veksande borgarskapet, skriv ei aukande mengd brev i denne perioden, for dei har betre råd og meir fritid enn før.

Ulike typar brev

Redaktørane har gjort ein innsats for å få med brev frå ukjende personar, trass i at grunnstammen i Handskriftsamlinga er brev frå kjende politikarar, forskarar, forfattarar og andre kunstnarar. I tillegg til mellom anna propagandaskriv, referat frå møte i Eidsvold-forsamlinga, gjennomgang av matematiske formlar i eit brev frå Nils Henrik Abel til den gamle matematikklæraren hans og oppmoding frå Hans Nielsen Hauge til følgjarane sine om å spytte i 100 spesidalar i ei kasse for at haugianarane kunne reise ein isenkramfabrikk, finn vi difor her òg private reisebrev frå Russland og Frankrike, takkebrev, bønebrev på rim og såkalla familiares: kjærleiksbrev og meir personlege brev til vener og familie.

I velskrivne, grundige presentasjonar av kvart brev gir Aasbø ei mengd nyttig informasjon både om brevskrivaren og mottakaren, og om omstende rundt breva som ikkje alle er så kjende lenger. Her finn ein både personalhistorie, sosialhistorie og Noregs-historie på eit større plan.

Modernisert språk

Mi største innvending mot dette bindet er, som eg òg var inne på i meldinga av det første bindet (Dag og Tid 10. februar 2017), at redaksjonen av uforståelege grunnar har funne det naudsynt å modernisere språket til brevskrivarane. Originalspråket i desse breva ligg jo ganske tett opp til språket i vår eiga tid! Og eit av hovudpoenga med boka forsvinn når skrivarens ord blir bytte ut med orda til ein nåtidig person. Vi les ikkje breva av di dei er stor kunst, som Aasbø seier i innleiinga, men av di dei «i sin umiddelbare råhet og direkte forbindelse til dem som faktisk skrev dem, rykker oss så tett inn på det levde livet der noen har leita etter ord og valgt de beste de fant i farta». Det er jo nett dette lesarane gjerne vil sjå.

Men Bjørn Ivar Fyksens modernisering har ført til ei forflating og utvisking av dei individuelle særtrekka brevskrivarane måtte ha, dels òg til mistydingar, og til at rimbrev ikkje lenger rimar. Fordi Fyksen ikkje trur at norske lesarar i dag forstår ordet «recommandere», som han har omsett til «anbefale», forsvinn rimet på «presentere» i lina over, og rimbrevet er ikkje lenger eit rimbrev.

Dessutan er det ingen konsekvens her, for Aasbø har ikkje modernisert språket i kjeldene sine, men gir mellom anna att eit inserat frå Norske Intelligenz-Seddeler frå 1780-talet og eit sitat frå Magdalene Sophie Buchholms Poesier (1793) i original språkdrakt – som om dette skulle vere lettare å forstå enn brevskrivarane?

Og skal eg pirke meir, kan eg nemne at franske sitat er fulle av feil, utan at lesaren kan vite om dei stammar frå brevet sjølv eller frå avskrivaren. Her har det gått for fort i svingane i ei elles på mange vis vellukka og innhaldsrik bok.

Jorunn Hareide

Jorunn Hareide er professor emeritus i nordisk litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Folk skriv ei aukande mengd brev i denne perioden, for dei har betre råd og meir fritid enn før.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis