JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Formale og personlege essay

Essaya til Stein Mehren er meir aktuelle enn nokon gong tidlegare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3982
20170707
3982
20170707

ESSAY

Stein Mehren:

Her har du mitt liv. Utvalgte essays

Aschehoug

Aller fyrst i nyutkomne Her har du mitt liv. Utvalgte essays har redaktør og etterordskrivar Eivind Tjønneland plassert det elegant formulerte essayet «I eksil i min egen tid. Skisse til en roman jeg aldri vil skrive» frå 2004. Dette er også det nyaste essayet i boka som markerer at det har gått 50 år sidan Mehren debuterte som essayist med Samtidsmuseet og andre tekster (1966). Boktittelen Her har du mitt liv spelar på eit TV-program med same namn, eit TV-program av det intimitetstyranniske slaget som Mehren har åtvara mot i mange av sine essay. Og portalessayet, «I eksil i min egen tid. Skisse til en roman jeg aldri vil skrive», står til boktittelen: Mehren vil aldri skrive ein roman med seg sjølv som hovudperson. Spørsmålet om det å skrive ein sjølvbiografi eller ein sjølvbiografisk roman, ligg som ein raud, underliggjande tråd i essayveven som like fullt nettopp er sjølvbiografisk. «I eksil i min egen tid. Skisse til en roman jeg aldri vil skrive» er utan tvil Mehrens mest personlege essay, og eg vil tru det er blant hans aller beste. Eivind Tjønneland har gjort klokt i å plassere det aller fyrst i Her har du mitt liv. Utvalgte essays. For det opnar opp og gir bakgrunn for resten av utvalet. Ikkje minst som bakgrunn for Mehrens kulturkritiske utfall nettopp mot vår tids intimitetstyranni, anten det er kjendisane sitt «Her har du mitt liv», vanlege folks trong til å «stå fram» med livsproblema sine i avisene eller forfattarane som ikkje diktar, men fortel om seg sjølv i romanform. Nettopp når det gjeld slikt som dette, er Mehrens essays frå 1980-åra meir aktuelle enn nokon gong tidlegare. Diverre, kunne ein seie!

Eksilforfattaren

Ein kan godt sjå på Mehren som ein kulturradikalar – i tråd med hans eigen sjølvkarakteristikk. Men kulturradikalarane ville ikkje kjennest ved han. For dei var han ein mystikar og romantikar. Og det er han sjølvsagt òg. Mehren har på mange vis falle mellom stolane i kulturlivet, ja, sjølve stolleiken er ikkje noko som høver særleg for Mehrens rørlege intellekt, filosofiske orientering og diktariske gemytt. Så i diktarkrinsar vart han noko av ein «Prügelknabe», ikkje minst ut på 1960- og 1970-talet då han kom i klammeri med både Profil-krinsen og seinare ML-arane. Og deretter følgde postmodernismedebatten.

Å lese Tjønnelands utval frå ti essaysamlingar frå og med Samtidsmuseet og andre tekster i 1966 til Det forseglede budskap i 1992 er å få eit attersyn med – eller gjere nedslag i – dei viktigaste debattane vi har hatt i norsk åndsliv dei siste 50 åra. Og ifølgje eit av Mehrens essay ligg 1960-åra i kim i 1950-åra, det er straumdraga frå dette tiåret som slår seg ut på 1960-talet. Så rettare er det truleg å seie at Mehrens essayistikk femnar om heile etterkrigstida fram til tusenårsskiftet. Ikkje minst dei mange essaya med fascisme som hovudemne vitnar om lange historiske spenn.

– på Nobelprisnivå

Det er naturlegvis rett, som Tjønneland skriv i etterordet, at den store lyrikaren Mehren har skugga for essayisten. Samstundes handlar særs mange essay i utvalet nettopp om dikting; samla sett er det her ein heil poetologi som også kastar lys over Mehrens eigen lyrikk. Og det er ei påminning ein bør ta inn over seg.

I ein enquete i Aftenposten i 2004 vart Atle Kittang og ein del andre litteraturkjennarar spurde om det fanst norske nobelpriskandidatar. Dei fleste kom opp med namn som Jon Fosse og Dag Solstad. Men Kittang slo fast det ingen andre tenkte på: Vi har to forfattarar på nobelprisnivå. Det er lyrikarane Bjørn Aamodt og Stein Mehren. Og Stein Mehrens innsikter i lyrikkens vesen kan faktisk brukast til å lese så vel Aamodt som Mehren sjølv.

Ole Karlsen

Ole Karlsen er professor i nordisk litteraturvitskap ved Høgskolen i Hedmark og fast bokmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Mehren har på mange vis falle mellom stolane i kulturlivet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis