Sekvenser mot Omega er eit stort, dansande, lyrisk verk.
Den svenske poeten Göran Sonnevi fotografert heime i Järfalla.
Foto: Anders Wiklund / NTB scanpix
DIKT
Göran Sonnevi:
Sekvenser mot Omega
Albert Bonniers förlag 2017
Det som kjenneteiknar stor litteratur, er at ein nærmast ikkje veit korleis ein skal gripe fatt i han, fordi tråden ein grip i, veks og forgreinar seg i ein aukande kompleksitet. Slik opplever eg Göran Sonnevis nye, omfangsrike diktbok, Sekvenser mot Omega.
Tittelen er uhyggeleg. Omega er den siste bokstaven i det greske alfabetet, og døden, både poetens eigen og andre sin, er sterkt til stades i dikta. Men hos Sonnevi er eit ord alltid kopla til motsetnaden: døden til livet. Alfabetets siste bokstav inngår jo i kombinasjon med andre bokstavar når ein lagar ord og tyding. Slutten gir altså meining, ikkje ved at han vert aktualisert, men ved å finnast som moglegheit. O har også andre tydingar, som ring, port og null.
Overlapping
Sjølv om Sonnevis førre diktbok, Bok utan namn, var omfangsrik med sine 500 diktsider, sprenger også årets 300 sider grenser med tanke på kva eit dikt kan romme. Jamvel om boka vekslar mellom tekstar som nærmast har prosaens flyt, og tekstar med diktoppsett, glir dikta inn i og overlappar kvarandre gjennom gjentakingar av liner og sekvensar. Dei veks til eit verk som nærmast kan halde fram i det uendelege.
Overlapping er for meg eit nøkkelord i møte med Sonnevis bok. I eit dikt skriv Sonnevi om mandorla, ein oval aura som omkransar biletlege framstillingar av heilage personar. Mandorlaen, som er danna av overlappinga mellom to sirklar, er eit møtepunkt, ein port inn til motstridande verder, til himmel og helvete. Den overlappande rørsla skjer konkret i dikta, til dømes når poeten rører seg frå å fortelje om ein fottur til brått å gå i dialog med abstrakt matematikk, for så brått å referere nyhendemeldingar om den islamske statens framrykkingar. Sfærar vert lagde på sfærar. At dikta ikkje fell frå kvarandre under vekta av dei sprangvise og ekspansive rørslene, kjem først og fremst av forma, språkrytmen, poetens meisterlege musikalske tilnærming.
Ein lærd poet
Sonnevi er ein lærd poet. Dikta ber spor av filosofi, matematikk og naturvitskap utan at dei vert baktunge. Tvert om maktar Sonnevi å setje også abstrakte omgrep i lett vibrasjon, slik han gjer når han skriv om blomane, fuglane og sommarfuglane som boka er så rik på. Fordi diktverket er så omfattande og verkar å vekse mot det svimlande uendelege, kan lesaren nok få kjensla av å stå overfor eit system eller ein algoritme som skriv fram dikta til dei tømmer seg sjølve for all meining. Jamvel om Sonnevi med det sjølvsagt seier noko viktig om korleis det er å eksistere i det komplekse samfunnet, bryt han også reglane og retninga i si eiga dikting gjennom produktive feilskjær.
Sekvenser mot Omega får mi varmaste anbefaling.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast lyrikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen