JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Glede over låg materie

Paal Maage Elstad skriv tidvis presist og vent.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Paal Maage Elstad er aktuell med diktsamling nummer to.

Foto: Renate Espe Aase / Vigmostad & Bjørke

2342
20171117
2342
20171117

DIKT

Paal Maage Elstad:

Lysmøkk

Vigmostad & Bjørke

Paal Maage Eldstad vart i 2015 nominert til Tarjei Vesaas debutantpris for diktboka Kun en liten del av universet. Dette var òg den første diktboka det bergensbaserte forlaget Vigmostad & Bjørke gav ut. Elstads andre diktbok, med den utruleg flotte tittelen Lysmøkk, er mindre omfangsrik og mindre sprikande enn debutboka. Og bokbunaden, som er designa av Johanne Hjorthol, er med gråe pappomslag og kvitprikka skrift ven å sjå til.

Lengt

Boktittelen kling som ei line frå eit Paul Celan-dikt, eller sender assosiasjonane i retning av tittelen på ei diktbok av Tor Ulven, nemleg Søppelsolen. Denne aksen mellom Celans og Ulvens poesi er nok ikkje så fjern i tilfellet Paal Maage Elstads diktbok. I Elstads univers finst det, trass alt lyset som piplar fram, noko gjennomgåande mørkt og utsiktslaust. Dikta er beherska av ein lengt etter opphøyr av meining: «En omvendt tid der lys og varme stiger fra alle ting og/ mater solen: stråler av lys som står ut av øynene mens/ hjernen tømmes for bilder.».

Makabre biletimpulsar finn vegen inn i desse dikta. Dei første tekstane skildrar på klinisk vis prosessane som skjer i eit lik når det vert utsett for ulike fasar i kremeringa. Og når eg-et i ein annan tekst betraktar eit portrettmåleri, rettar teksten søkelyset mot den fysiske nedbrytingsprosessen målinga vil bli utsett for. Om det finst ei glede i denne tekstverda, er det over varmen som strålar frå den lægre materien, frå komposteringa, esinga, gjæringa og fortæringa.

Klarleik

Paradokset som skjuler seg i desse dikta, er at lengten etter det meiningstomme og biletlause føder setningar, vers og dikt der bilete og meining ustoppeleg myldrar fram. Og når dikta syner til musikarar som Chet Baker og Miles Davis og til målarstykke av Jacob Weidemann, Jackson Pollock og renessansemålaren Andreas Mantegna, kan eg ikkje ta det som anna enn at dikta finn hugnad i denne kunsten. Nedbrytinga og det oppbyggelege går så å seie hand i hand i desse reinskrapte dikta, som dyrkar ein kirurgisk presisjon og klarleik i bileta som ikkje alltid, men iblant vert vene og skapar ei mørk nyting i lesaren.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast lyrikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Makabre biletimpulsar finn vegen inn i dikta.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis