Bok

Gudshendingar

Wera Sæther skriv undersøkande og ope om former for tru og opprør.

Wera Sæther har skrive ein indre sjølvbiografi i romanform, skriv Efrem forlag.
Publisert Sist oppdatert

Wera Sæther har sidan debuten i 1973 gitt ut meir enn femti bøker i ulike sjangrar. Ho er også fotograf og omsetjar og har hatt eit omfattande virke blant sårbare menneske, både her heime og på fleire andre kontinent. Ho har arbeidd både praktisk og dokumentarisk.

I et essay i gud møter vi folk som har sett merke i henne. Aller mest inntrykk gjer det kanskje å lese om Sæthers erfaringar frå dei mange og lange opphalda hennar i India og Bangladesh. Menneska der, som frå før var dei mest fattige og utsette, lever no i akutt livsfare på grunn av klimaendringane. Sandbankane i elvedeltaet i Bengalbukta vil om få år skli ut i havet fordi mangroveskogen som held jordsmonnet oppe, druknar når vatnet stig.

Å bestemme sjangeren til denne boka er ikkje heilt enkelt. Typisk for mange forlag vil også Efrem absolutt ha det til at det er ein roman. Nemninga «memoarar» ville ha vore meir treffande. Boka gir oss refleksjonar og minne frå eit langt liv, fortalde av ei kvinne på snart åtti år.

Essay tyder forsøk, og teksten er då også utprøvande, undersøkande og open, full av tvil og av paradoks. Lesaren blir invitert inn og gitt høve til å undre med, tenkje, tvile med. For det meste er det skrive i prosa, inniblant står nokre avsnitt på sida som poesi. Akkurat desse bolkane tilfører ikkje teksten meir, tykkjer eg, det er mange fine bilete og symbol i prosateksten frå før.

Guds låge andlet

Som tittelen viser, dreier det seg mest om religion, om gud, med liten g – fordi «gud er nede». Igjen og igjen krinsar forteljaren i boka om den skilsetjande opplevinga ho hadde som nittenåring, ei terskelerfaring. Ei stemme sa: «nåde er, gå til den katolske kirken». Befalinga kom medan ho bøygde seg ned ved eit tre. Det var ikkje tilfeldig, det var uventa, det var ikkje til å stå imot. Ho vart velta om på. Ho vart katolikk og har vore det sidan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement