Bøker
I blindsona
Sigbjørn Skåden sender sin mann ut i eit utilgjengeleg terreng.
Sigbjørn Skåden er frå Skånland, busett i Tromsø, og skriv på både samisk og norsk.
Foto: Knut Åserud
Det heiter seg at forfattaren skal vere smartare enn lesaren, og at teksten skal vere smartare enn forfattaren. Når det gjeld den nye romanen til Sigbjørn Skåden, Planterhaug, kjenner eg på meg at dette har noko for seg når Skåden går frå det logiske og rasjonelle og inn i ei verd der heilt andre konstellasjonar set premissane både for lesaren og for teksten.
Planterhaug er ei fornorska samebygd i gamle Skånland kommune, frå 2020 Tjeldsund, heilt sør i Troms fylke, på grensa til Nordland. Her voks Sigbjørn Skåden opp, og oppveksten sette så djupe spor at han no vender tilbake gjennom førstebetjent John Edgar Huuva i Oslo kriminalpoliti for å granske eit mistenkeleg dødsfall og ei forsvinningssak frå langt tilbake den gongen Huuva var barn og budde i bygda.
John Edgar Huuva har ein tendens til å sjå ting som ikkje finst anna enn i hans eigen fantasi, slik «namnebroren» John Edgar Hoover (1895–1972), sjef for FBI 1924–1972, også såg kommunistar og indre fiendar overalt. Dette grepet er fiffig turnert av Skåden.
Eit komisk overlys
Handlinga er lagd til nokre haustveker tilbake på 1980-talet. Her er ingen digitale hjelpemiddel, fasttelefonen er framleis i bruk, og sidan Huuva kjem frå Oslo eller Mysen, som han stadig understrekar, må han ta seg fram til fots rundt omkring i bygda, tungt for ein utrena mann i femtiåra. Slik framstår Huuva meir og meir i eit komisk overlys, og det komiske har ein vesentleg plass i framstillinga av ei etterforsking i blinde.
Huuva tar som einaste gjest inn på eit pensjonat drive av ei kvinne i ubestemmeleg alder; pensjonatjenta blir ho kalla. Som ein fleip med Babettes gjestebud av Karen Blixen, der handlinga utspeler seg i Berlevåg lenger nord og aust, får Huuva servert den eine retten etter den andre basert på blod og innvolar, heilt i grenselandet av kva Mattilsynet ville godta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.