I tryllekrinsen
Øyvind Rimbereid har skrive eit variert langdikt med fleire høgdepunkt.
Øyvind Rimbereid debuterte med ei novelle- samling i 1993.
Nikita Solenov
DIKT
Øyvind Rimbereid:
Lenis plassar. Et dikt
Gyldendal 2017
Det finst ein forteljande tråd i Lenis plassar, den nye diktboka til den prislønte poeten Øyvind Rimbereid. Rammeforteljinga er knytt til ein 42 år gammal arbeidslaus industrielektrikar som leitar etter kjærasten, den gravide Leni som brått forsvann ein søndag. Leni er finsk, snakkar fem–seks språk flytande og jobbar på eit såkalla callsenter.
Det er etter oljealderen. Ein sit på «kanten av mørket», truga av økologisk katastrofe, økonomisk nedgang og industrielt forfall. Det tredelte langdiktet spelar seg ut i Stavanger og på Forus, næringsområda utanfor byen, der ein har bygd på «myrer». I diktets andre del tek den arbeidslause elektrikaren seg ulovleg inn i kontorbygget der Leni skal ha jobba, dit «Alt forsvant inn». Orfeus søkjer altså sin Eurydike, ikkje spelande på fløyte, men rusta med verktøy og ein «avbidar».
Finstemt
Sjølv om Øyvind Rimbereid kallar boka «Et dikt», består boka av varierte teksttypar. Ikkje berre vekslar det mellom stavangerdialekt og bokmål, monologar vert avløyste av refleksjonar, dialogar og ikkje minst dei kursiverte innslaga frå det tilbakevendande koret. Koret består av snakkande blomar som kommenterer handlinga. Konsekvensane av ein så uvanleg finstemt poetisk kvalitet er at dei kunne fint ha fungert som ei sjølvstendig diktbok. Men då hadde det òg vorte ei anna diktbok.
Grunnideen i diktet går på å bryte dei klaustrofobiske tryllekrinsane ein så lett forsvinn inn i, anten dei er av ideologisk, mytologisk eller vekstøkonomisk art. Ein må vekkjast, og redning må komme frå utsida av draumen. Også samfunnet må ha ei utside for å bryne seg til sjølvmedvit. Elektrikaren, på si side, har mista utsidene sine, Leni og jobben. «Og hvordan skal vi tenke/ når tiden er lukket inne i spen nøtt?»
Syklusar, til dømes i naturen, er alt på veg til å bryta saman. Kanskje er det difor blomane snakkar og tenkjer? Éin stad i diktet bestemmer blomane seg for å slutte å vere blomar: «Det var dumt av oss å tro/ at vi kunne forbli blomster/ og fortsatt ha noe å si.»
Stortenkt
Draum, røynd, myte, framtid og individ strekkjer seg mot kvarandre, koplar seg saman, byrjar å svinge og tek til å klinge og lyse frå ulike stader i dette stortenkte langdiktet. Lenis plassar evnar å biletfeste tilstandar samfunnet held på å skru seg inn i. Rimbereid er ein poetisk tenkjar. Lenis plassar demonstrerer at samfunnsformasjonen trugar tenkinga og får oss til å forsvinne frå oss sjølve.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lenis plassar evnar å biletfeste tilstandar samfunnet held på å skru seg inn i.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.