Film

Iran på open gate

Det er diverre ikkje til å undra seg over kvifor regissøren framleis oppheld seg i eksil.
 

Soheila Golestani er både skodespelar og regissør. Her spelar ho ei av hovudrollene.
Publisert Sist oppdatert

Systrene Rezvan (Rostami) og Sana (Maleki) skal endeleg få større leilegheit og eigne rom når far Iman (Zareh) rykker opp i rettssystemet i Teheran. Mor Najmeh (Golestani) prøver å balansera dei gryande opprørske døtrene for å unngå at noko skal truga stillinga til Iman.

Då Rezvan tek med seg ei veninne heim, kan det sjå ut som starten på slutten, endå kor uskuldig det kan verka, for moralpolitiet har auge overalt, særleg på sosiale medium.

Djevelsk

«Verda har endra seg, men ikkje Gud», seier Iman, hovudristande over alle dei unge som protesterer og riv av seg hijaben. Det seier kanskje mest av alt noko om kor lite dei mektige mennene i det iranske regimet vil ha endringar, Gud har ikkje all verda med det å gjera, kan det synast som. Et tu, Iman, er noko av det fyrste som slår inn: Ikkje du òg! Men her ligg også spenninga i filmen, sett frå fleire vinklar, men mest innanfor husets fire veggar og kvinnene her.

Den førre filmen til regissør Mohammad Rasoulof var den rystande, men gode Det finnes ingen djevel (2020), som ser på kva som skjer rundt dei mange dødsdommane som blir utdelte i Iran. Det er ikkje lett å oppmoda om å frivillig oppsøka såpass tung materie, men Frøet fra det hellige fikentreet er reine feelgood-filmen samanlikna.

Den dønn symbolske tittelen viser til korleis frøet til slutt fortærer planta som det kjem frå, om du lurte. La deg ikkje skremma av den lite fengande tittelen – det er det einaste som ikkje er fengande med dette thrillerdramaet av mest intrikate og sjåverdige sort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement